Hopp til innhold

Sterke sjukehus-reaksjonar

– No må vi gjere kva vi kan, seier ei sjokkert Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Bente Øien Hauge

GIR IKKJE OPP: Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus. Arkivfoto

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Reaksjonane er sterke i Lærdal og på Nordfjordeid etter at administrerande direktør Jon Bolstad la fram administrasjonen i Helse Førde si endelege innstilling til ny strategiplan måndag morgon.

LES OGSÅ:

Rysta aksjonsleiar

– Eg er nokså rysta over at administrasjonen held fast ved forslaget om å leggje ned fødetilbodet i Lærdal. Dei fekk klare reaksjonar etter at forslaget kom, det var såpass mykje protestar. Administrasjonen var til stades då helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen møtte innbyggjarane i Årdal. Dei var då vitne til det sterke engasjementet det er for å halde på fødetilbodet her i Indre Sogn, seier leiar Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Spel om økonomi?

Den profilerte sjukehusaksjonisten veit ikkje heilt korleis ho skal tolke innstillinga frå administrasjonen i helseføretaket.

– Om det her er slik at administrasjonen skal signalisere noko som er ideel, og at styret skal vedta noko anna, eller om dette blir eit spel om økonomi. Altså for å få utløyst fleire pengar, er vanskeleg å seie. Det er vanskeleg å vite korleis ein skal gripe dette an, seier Øien Hauge.

Ho lovar full mobilisering i forkant av fredagens styremøte i Helse Førde der den endelege strategiplanen skal vedtakast.

– Vi må ta alle telefonar vi kan

– Vi må prøve å ta kontakt med politikarar og andre på sentralt hald for om mogleg om nokon kan sende nokre signal til Helse Førde. Det er styret som må berge fødetilbodet. Her inne trur eg dei fleste nesten ikkje kan sjå føre seg ei framtid utan at vi skal ha eit forsvarleg fødetilbod, seier Øien Hauge som er klar til å brette opp ermene.

– Å snu dette må bli jobb nummer éin for aksjonen, og det må bli jobb nummer éin for lokalpolitikarane her inne. Vi må gjøre kva vi kan og ta dei telefonane vi kan og stå på for å berge det. Alternativet er heilt utenkjeleg, seier ho til NRK.

Vantru også i Nordfjord

Også ved Nordfjord sjukehus er reaksjonane sterke, rapporter NRK Sogn og Fjordane sin reporter, Asgeir Reksnes.

– «Det var det verste som kunne skje». «Dette er ei øydelegging av sjukehuset», sa tilsette. Fleire kom tårevåte ut frå allmøtet, fortel Reksnes.

Nordfjord sjukehus får behalde eit fødetilbod i ein overgansperiode, men etter kvart så blir det nedlegging her også. Og ortopedien forsvinn.

– Det blir omtrent slik som det står i modell 1 frå strategiprosessen. Ikkje eit lokalmedisinsk senter, det skal det ikkje heite, men det blir mykje poliklinikkar og dagbehandling, seier Reksnes.

Lærdal sjukehus skal derimot få behalde ortopeditilbodet i ein overgansfase.

Video HELSEKUTT-førde

Forslag til kutt i Helse Førde