Hopp til innhold

Vil ha kronprinsen til klimamøte

Fylkeskommunen freistar å lokke kronprins Haakon til miljøkonferanse i Florø.

Kronprin Haakon.

Kronprins Haakon.

Foto: FGrode Meskau / NRK

I eit brev til det kongelege slott invitererer fylkeskommunen kronprinsen til å opne den store miljøkonferansen som skal vere i Florø 26. oktober i år, skriv Sogn Avis si nettutgåve..

Kronprinsen har dei siste åra markert seg som ein aktiv miljøforkjempar. Saman med tronarvingane i Danmark og Sverige har han blant anna engasjert seg i nedsmeltinga av polisen. Dette er noko av baktrunnen til at kronprinsen sitt nærvere no er ønskt i Florø

Konferansen har lokal klimatilpassing som tema. Ei problemstilling Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore ein forkjempar for gjennom lokale miljøplanar og tiltak.

– Kronprinsen har utmerka seg med engasjementet sitt i viktige internasjonale spørsmål, skriv fylkesordførar Nils R. Sandal og direktør for Vestlandsforsking, Agnes Landstad, i brevet til slottet som er referert hos Sogn Avis.

Deltakarar frå Grønland, Sverige, Skottland, Finland og Norge skal vere samla i på den tre dagar lange konferansen Florø i oktober. Og kanskje kjem kronprinsen òg?