Ambulansar sviktar i kulda
Manglar garasje til ambulansane, dette fører til at medikant frys og apparat som sviktar.
Publisert 07.02.2010 12:30.
- Skriv ut
No har Helsetilsynet i Sogn og Fjordane oppretta tilsynssak mot ambulansestasjonen i Sogndal, skriv Bergens Tidende.
På grunn av garasjemangel står bilane ute heile året. Dei er tilkopla straum, men dette har ikkje vore nok.
Morfinen frys
Ambulansepersonellet har meldt om at A-preparat som morfin frys, EKG-apparat sviktar og at transporten blir kald for pasientane.
- Vi ser så alvorleg på desse opplysningane at vi har oppretta sak, seier assisterande fylkeslege Linda Svori til avisa.
Ho seier at viss sterke, smertestillande medikament som morfin frys, er det ein risiko for at ein ikkje har medisin å gje pasienten ved til dømes hjarteinfarkt.
Kaldt for pasientane
Enkelte turar skal også har vore svært kalde for pasientane.
- Har det vore så kaldt at medikament har frose, så kan det ikkje ha vore særleg varmt i ambulansen, seier Svori.
No har bilane i Sogndal fått tilkopla kraftigare straumkjelder og fått ekstern kupevarmar.
Mange manglar garasje
10 av 21 stasjonar i Helse Førde mangar tak over bilane. Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde seier at dei har fått signal om at også nedbør og kulde skapar problem.
- Ideelt sett burde vi hatt garasje til alle ambulanse, Det er ei utfordring å gjere daglege arbeidsoppgåver når det regnar og snør sidelengs.
Han seier at når nye leigeavtalar skal ut på anbod, så er garasje lagt inn som eit krav.
Siste: Sogn og Fjordane
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Ny stor Havyard-kontrakt - Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår


















Melodi Grand Prix i Florø