Hopp til innhold

– Helse Førde treng 100 millionar

Helse Førde treng ekstra skjønsmidlar får Helse Vest på ein storleik nær 100 millionar kroner, seier styreleiar Clara Øberg.

Styremøte i Helse Førde

Styremøte i Helse Førde.

Foto: Trude Bakke / NRK

Helse Førde-styret godkjende i dag Helse Vest sitt framlegg til ny finansieringsmodell, med eit klart vilkår om at dei må få mange millionar utanom dei vanlege løyvingane.

– Vi reknar med at vi vil få eit så stort skjønstilskot at det vil rette på ein del av dei ulempene vi har.

– Er det realistisk å håpe på nærare 100 millionar kroner ?

- Ja, eg trur at våre eigarar ser kva vi har å slite med her. Så det trur eg vi får forståing for.

– Uspiseleg

Jorunn Ringstad

Jorunn Ringstad

Foto: Helse Førde

Helse Vest sin nye finansieringsmodell for dotterselskapa Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde er i utgangspunktet svært dårleg nytt for folk i Sogn og Fjordane. Mindre vektlegging på beredskap og spreidde sjukehus gjorde at nestleiar i styret, Jorunn Ringstad, sin første tanke var at dette kunne ho ikkje slutte seg til. Uspiseleg og uakseptabelt var orda ho brukte då styret i dag fekk forklart kva dei økonomiske realitetane kunne bli i åra framover.

– Får ikkje vi for kompensert for den strukturen og geografien vi har, er den modellen uspiseleg. Men dette er ein modell som er meir generell for regionføretaket. Og får vi skjønsmidlar som kan kompensere får det som er uspiseleg, kan eg akseptere det, seier ho.

Sjå også Helse Førde får mindre inntekter og - Helse Førde taper

Kastar ikkje ut tal

Helse Førde har uansett enorme økonomiske utfordringar, som dei så langt ikkje har klart å gjere så mykje med. Administrerande direktør, Jon Bolstad, seier utfordringane vil bli heilt uoverkomelege utan dei nemnde ekstramidlane, som Helse Vest altså må leggje til etter at alle helseføretaka har fått det dei eigentleg skal ha.

– Viss vi ikkje får skjønsmidlar vil det i verste fall bety store omstillingar for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane. I forhold til årets budsjett vil utfordringa vere på 150 millionar, seier han.

Men i motsetning til Øberg vil ikkje Bolstad seia så mykje om kor mykje ekstrapengar dei eigentleg treng.

– Det er viktig at det blir gjort ein ryddig prosess. Det å kaste ut tal verkar lite gjennomtenkt og useriøst. Eg har tiltru til at når vi har så godt talgrunnlag i botnen, vil ein kome fram til noko som verkar balansert for Helse Førde.

Mann med fleire hattar

Helge Bryne, viseadministrerande direktør i Helse Vest og styremedlem i Helse Førde

Helge Bryne, viseadministrerande direktør i Helse Vest og styremedlem i Helse Førde

Foto: Pressebilete

Den som kanskje veit mest om både kva Helse Førde treng - og kor mykje dei faktisk kan få er Helge Bryne. I dag var han styremedlem i Helse Førde - då møtet var over var han tilbake som assisterande direktør i Helse Vest - med ei hand på pengesekken Sogn og Fjordane må ha ein del av dersom ikkje helsetilbodet i fylket skal raserast til det uattkjennelege.

- No har eg vore her som eigaroppnemnd medlem av styret i Helse Førde, og eg stiller meg i den posisjonen bak den uttalinga som er gitt i dag.

– Kva posisjon trur du at du tek når du går herfrå i dag ?

– Det er klart eg syns dette er eit rimeleg forhold. Og det har allereie vore inne i den modellen som har vore til i dag, ved at Helse Førde har fått høve til å gå med underskot på 40 millionar kronar. Så det har allereie vore skjønsmessige korreksjonar av budsjettet i Helse Førde som ein konsekvens av den spesielle situasjonen, seier Bryne.

Sjå også Meiner Bryne er inhabil

– 100 millionar er for lite

Så sjølv om Helse Førde med det kan rekne med å få ekstra pengar - så spørs det om det blir i nærleiken av nok til å oppretthalde drifta i Førde, Lærdal og på Eid på eit nivå som liknar på det som finst i dag. Rune Larsen er dei tilsette sin representant i styret, og han trur at til og med Øberg sitt ynskje om nærare 100 millionar blir i stusselegaste laget.

– Eg trur ikkje det er nok det heller. For viss vi seier vi har eit kostnadsnivå som ligg 14 prosent høgare enn Stavanger til dømes, og vi har eit budsjett som er på 2 milliardar, snakkar du om langt over 100 millionar. Kanskje nærare 200 og 300 millionar.

– Skal vi drive som vi har gjort, må vi opp på det nivået trur eg. Men om vi får det er ei anna sak.

– Er det slik at oppgjerets time nærmar seg for alvor i Helse Førde økonomien ?

– Oppgjerets time har vel vore for lenge sidan, men vi har ikkje teke det.