Hopp til innhold

Krisesenteret må auke bemanninga

Rekordstor pågang gjer at Krisesenteret i fylket må auke bemanninga. Siste året har talet på dagbesøk auka frå 160 til 500. No ber krisesenteret om ei ekstraløyving frå kommunane, seier dagleg leiar Wenche Hovland.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Foto: Nyhetsspiller / NRK

- Vi har hatt eit ganske travelt år med ein ganske stor auke i dagbesøk . Det betyr kvinner som kjem til Krisesenteret som treng same type hjelp som dei som bur der, men har ikkje behov for overnatting, seier ho.

Sjå og Feira jula på krisesenteret

I dag er 6,6 årsverk ved krisesenteret i Sogn og Fjordane. Ei bemanning som krisesentret ikkje lenger meiner er forsvarleg. Krisesentret ynskjer å auke bemanninga og dei ber difor om 140.000 kroner frå kommunane. Noko som vil utløyse vel ein halv million i statlege midlar.

Pengane sit langt inne

Fordelt på dei einskilde kommunane i fylket blir ikkje ekstraløyvinga stor, men sjølv små summar sit langt inne no, seier Nils Gjerland, som er ordførar i Førde

- For vår del har vi ei utfordring på minst 10 millionar som vi har sett rådmannen i gang med å finne innsparingar på i det budsjettet vi har vedteke for 2009.

Utrekna på innbyggartal ber ikkje krisesenteret om meir enn 1,33 kr per innbyggar. For Førde sin del vil det seie 16.000 kroner. Men sjølv det kan altså vise seg å vere i meste laget.

- Der det er vilje er det veg, og det er mykje ein kan prøve. Men for kvar ny kostnad er det ytterlegare meir krevjande på resten. Så får sjå på det når vi får brevet på bordet, seier ordføraren.

Ved krisesenteret er alternativet redusert tilbod til kvinner som treng hjelp.

- Vi får ikkje ytt den hjelpa vi bør gjere, seier Hovland.