Hopp til innhold

Max Manus skaut måse i Stryn

Krigshelten Max Manus var i fleire år etter krigen fast gjest i laksevillaen Lysvoll i Stryn.

Laksevillaen Lysvoll i Stryn
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Stryn går det gjetord om at det kunne gå temmeleg livleg for seg når han var der, og den gamle motstadsmannen hadde alltid våpen med seg.

Måsen landa i vegen

Ein gong gjekk ein av naboane forbi med sonen sin i barnevogn. Då small det eit skot, og ein måse landa i vegen fem meter frå mannen og barnevogna.

Gledeshyl

Måsen var ikkje heilt daud, så mannen måtte ta ein stokk og avlive den. Då høyrde han eit gledeshyl frå villaen. Der stod Max Manus på verandane i andre etasje med eit våpen.

Påstandar om kulehol

Max Manus i 1971
Foto: Knai, Vidar / SCANPIX

Det blir hevda at Manus skal ha skote inne i huset etter å ha hatt mareritt på grunn av krigstraumene sine, og at det skal vere kulehol i veggane på Lysvoll. Men dette blir avsanna av den noverande eigaren av villaen, Harald Løvdal.

Men han kjenner til at det var mykje styr og ikkje spesielt roleg når Max Manus var på besøk, for han hadde eit nokså høgt forbruk av alkohol.

- Han var veldig glad i å fiske, men han ville nesten aldri ha med seg kleppar i elva, fortel Løvdal, som har sett filmen om Max Manus.

Avliva bjørnar

No er det store diskusjonar om kor rett bilete Max Manus-filmen gir av mannen. Her i fylket er Max Manus mellom anna kjend for at det var han som avliva bjørnane som rømde frå ein innhegning på Nystova på Filefjellet.