Hopp til innhold

Kjedekollisjon på Strynefjellet

Ein person vart lettare skadd i ein kjedekollisjon på riksveg 15 ved Breidalen brøytestasjon på Strynefjellet.

Ulykke Strynefjellet

Kollisjon på Strynefjellet.

Foto: Tipsbilde:Tove Andreassen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.39. Ulukka skjedde på opplandsida av fylkesgrensa, men ambulansen i Stryn var mellom fleire som vart kalla til staden.

OPPDATERTE VEGMELDINGAR PÅ NRK TRAFIKK

- Fire køyrety var involvert; ein lastebil og tre personbilar. Ein person vart lettare skadd og blir frakta vekk med ambulanse. Veret var for dårleg til helikopter, opplyser operasjonsleiar Arne Strøm ved Gudbrandsdalen politidistrikt.

- Eine personbilen og vogntoget kolliderte først. Då desse stogga krasja to nye personbilar i desse, opplyser Strøm. Strynefjellsvegen skal no vere stengd.

- Det er ikkje berre på grunn av ulukka, men også på grunn av dårleg ver. Det snør og er dårleg sikt, opplyser Strøm.

SJEKK VERET PÅ YR.NO

Veret var for dårleg til at luftambulansen kunne lande ved ulukkesstaden. På grunn av det dårlege veret, måtte bergingsmannskap leiast inn av leiebil .