Hopp til innhold

Ambulansetenesta vil bli for dyr - Helse Førde vil ha gjennomgang

Kostnadene med ambulansetenesta i fylket vil auke så mykje dei komande åra at Helse Førde ikkje har økonomi til å bere det.

Ambulansesjåfør

AUKA KRAV: Strengare krav til kompetanse blant ambulansearbeidarane har ført til større kostnader for Helse Førde.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dette går fram av ei saksutgreiing som styret i Helse Førde skal sjå på når dei har møte i Lærdal i dag.

Forslaget til styret er å ta ein totalgjennomgang av tenesta og lage ein samla plan, seier klinikkdirektør Tore Dvergsdal.

– Det har vore store omveltingar både innanfor kommunikasjon, kompetansekrav til tilsette og andre ting. Difor føler vi at tida no er inne for å sjå på heile tenesta på nytt, og vurdere korleis den skal sjå ut i framtida, seier han.

Av omsyn til kompetanse og økonomi

Helse Førde har i dag 19 ambulansestasjonar og fire båtar knytt til ambulansetenesta. Tenesta har auka med 54 årsverk dei siste fem åra og kostnadene har auka med 50 millionar kroner.

Med nye krav til bemanning, utstyr og vaktordning vil dagens organisering av ambulansetenesta betyr ytterlegare 50 millionar i auke dei komande to åra. Både økonomi og auka krav til kompetanse er grunnen til ein totalgjennomgang, seier Dvergsdal.

– Kompetanse er ein del av det, og så er sjølvsagt økonomien i Helse Førde ei vesentleg årsak.

– Vi er nøydde til å ha ein økonomi som er berekraftig, og då må vi sjå på ambulansetenesta i det totale bilete.

Må spare pengar

I forslaget til langtidsbudsjett for Helse Førde står det at det blir stor ubalanse mellom inntekter og utgifter i nær framtid. Økonomidirektør Tom Hansen i Helse Førde viser til ambulansetenesta.

– Mykje av det vi ser ligg innanfor ambulansetenesta, og krav til bemanning. Spesielt på båtambulansane, seier Hansen.

Dermed må helseføretaket spare pengar, og det er allereie sett i verk tiltak for å kutte kostnader. Kor vidt dette betyr at tilsette må gå er førebels usikkert.

Nok oppdrag

Ei anna utfordring er å gje dei tilsette i ambulansetenesta nok oppdrag til at dei kan halde kompetansen ved like i grisgrendfylket Sogn og Fjordane.

Kompetansekrava har allereie blitt strengare, og dei bli ytterlegare skjerpa i tida framover fortel Dvergsdal.

– Ut frå krava som kjem i framtida er det eit problem at vi får for lite oppdrag per tilsett, slik at vi må bruke meir tid på trening for å halde kompetansen ved like enn andre plassar i Norge.