Hopp til innhold

Helse Førde må igjen spare pengar

Helse Førde må på ny spare pengar. Førebels er det uvisst om det betyr at tilsette må gå.

Førde sentralsjukehus

NYE KUTT? Dei tilsette i Helse Førde, mellom anna ved sentralsjukehuset i Førde, har måtte tole kutt i fleire omgangar dei siste åra. No kan det bli nye kutt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Både i forslaget til neste års budsjett og i aprilrapporteringa til styret går det fram at omstillingsarbeidet må halde fram.

Om kort tid vil det vere stor ubalanse mellom inntekter og utgifter, skriv økonomidirektør Tom Hansen. Allereie no er medisinsk klinikk i full gang med å sjå på kor dei kan spare, fortel han.

– Dette er eit arbeid som skjer i samarbeid med dei tilsette og leiarane. Det handlar om at vi må tilpasse drifta til dei planane som er lagde, seier Hansen til NRK.no.

Usikkert om tilsette må gå

I aprilrapporten som styret i helseføretaket skal handsame torsdag går det fram at medisinsk klinikk så langt i år ligg 6,5 millionar bak budsjettet. Årsaka er færre behandla pasientar og auka utgifter til medisinar og løn.

No har ein starta arbeidet med å finne ut kva ein kan gjere for å få budsjettet på rett kjøl. Når avdelingar må kutte kostnader er løysinga ofte at talet på tilsette må ned.

At det må bli tilfellet no er førebels usikkert.

– Det er for tidleg å seie. Arbeidet vil vise kva som er nødvendig å gjere, seier Hansen.

Ubalanse

Iallfall er ein ikkje i nokon prosess no der det er snakk om å redusere talet på tilsette.

I det store bilete aukar kostnadene mest til ambulanse både med bil og båt, og inntektene minkar på grunn av samhandlingsreforma. Om kort tid ligg det an til stor ubalanse mellom inntekter og utgifter, står det i dokumentet.

Dei tilsette i Helse Førde har vore gjennom år med store omstillingar.

– Det er ikkje godt å seie om det blir «på han igjen» slik det har vore dei siste åra. Det er mykje godt arbeid som er gjort, og vi må rett og slett sjå an kva vi må gjere framover, seier Hansen.