Hopp til innhold

Hurtigruta «Kong Harald» har eit hol i skroget etter grunnberøring

Hurtigruteskipet «Kong Harald» traff botnen på Lepsøyrevet i Møre og Romsdal måndag kveld. Skipet som skulle ha vore i Trondheim ligg framleis ved kai i Molde.

Kong Harald ved kai i Molde

Hurtigruteskipet «Kong Harald» ligg no ved kai i Molde, etter grunnstøytinga i går. Skipet har 226 personar om bord, og skulle no ha vore i Trondheim.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kommunikasjonssjef Ragnar Norum i Hurtigruten ASA stadfester hendinga overfor adressa.no.

Dykkarar har vore nede, og dei har sett eit hol i skipet på størrelse med ein femkroning, seier Norum.

Lepsøyrevet er ei svært grunn strekning som hurtigruta må krysse mellom Ålesund og Molde. Det har vore fleire grunnstøytingar i området, og skipsleia er merka.

Kansellerer resten av turen

Tysdag morgon blei det klart at «Kong Harald» ikkje kan halde fram reisa til Kirkenes. Resten av turen er innstilt.

– Når vi tek ut ei rute så tidleg i rundturen, blir heile turen kansellert. Så går vi på att med dette skipet om elleve dagar, seier Norum til NTB.

Får tilbod om ny tur

Med mannskap er det 226 personar om bord. Mange er truleg cruise-passasjerar som tek turen for å sjå norskekysten frå Bergen til Kirkenes. Dei som er passasjerar om bord får tilbod om å få pengane tilbake eller ein ny tur.

– Nokre får sikkert tilbod om å reise vidare med det andre skipet som kjem etter i dag. Men det blir nok veldig få, sidan det er dårleg med plass, seier Norum.

Skulle ha vore i Trondheim no

Normalt skulle Kong Harald kome til Trondheim klokka 08.00 tysdag morgon. I staden blir skipet liggande i Molde, der det no skal inspiserast av mannskap frå Norske Veritas.

Det er ikkje meldt om personskadar i samband med hendinga.

Svært grunt på Lepsøyrevet

Grunnberøringa skjedde tidleg måndag kveld. Det var fjøre sjø i 18.30-tida.

Lepsøyrevet

Lepsøyrevet er merka med bøyer, og Lepsøyrevet fyr skal hjelpe skipsførarane å finne leia. Noregs første fyrskip låg i Lepsøyrevet på 1800-talet.

Foto: John Hurlen

Lepsøyrevet er 5,4 meter djupt på det grunnaste området ved normal fjøre sjø. «Kong Harald» stikk om lag 5 meter under vassflata, og ved ekstrem fjøre sjø er det lite avstand mellom skip og sjøbotn.

Lepsøyrevet har i alle år vore sett på som eit utfordrande havstykke. Det er mudra ei smal renne for at skip av storleiken til hurtigruta skal kunne gå der.

Kystverket søkte i juli 2010 om løyve til å utvide renna der skipa går. Det har vore arbeidd med desse planane i mange år. Renna skal bli 11,3 meter djup og 100 meter brei i ei lengde på 1700 meter.

Truleg i tørrdokk

Ingen har førebels stadfesta det, men kjelder har antyda at skipet truleg må på verkstad før det kan gå vidare. I går kveld klokka 23.00 blei det arrangert infomasjonsmøte for passasjerane. I 9-tida tysdag morgon pågår det eit nytt informasjonsmøte.

Kommunikasjonssjef Ragnar Norum trur skipet er tilbake i trafikk om åtte dagar.

– Vi hadde håpt å kunne utføre ein naudreparasjon. Det har vi gjort tidlegare, men det må Veritas ta stilling til, seier Norum.