Hopp til innhold

Pub for supporterar av engelske lag

Supporterunionen for britisk fotball har fått eigen fotballpub i Ålesund. Veggane skal dekorerast med drakter, bilde og vimplar.

Video 93e0b7bf-2a4d-43c4-8d74-4309c81a7594.jpg

Supporterunionen for britisk fotball vil at tilhengarar av engelske lag skal samle seg om ein fotballpub i Ålesund sentrum.

Der skal veggane dekorerast med supporterartiklar, og puben kan vise fire forskjellige kampar til ei kvar tid. Men så langt er det stort sett berre Liverpool-fansen som har reagert.

I puben i Ålesund sentrum skal alle vere velkomne uansett om det er Liverpool, Arsenal, Chelsea, Ipswich , Stoke eller andre engelske lag som er favoritten.

Supporterunionen for britisk fotball har eiga avdeling på Sunnmøre, og dei har tatt initiativet til å få til ein pub med eit sterkt fotballmiljø, der dekorasjonar på veggane høyrer med.

Pub for alle klubbar

Bertil Holen t.v og Ronny Brunvoll

Bertil Holen t.v og Ronny Brunvoll håper at mange klubbar blir representert i puben

Foto: Arne Flatin / NRK

To av entusiastane er Liverpool-tilhengarar, men dei vil at puben skal vere for alle.

- Det er viktig at mange klubbar blir representerte her slik at vi får litt intern motstand, seier Ronny Brunvoll.

Han ønskjer at Leeds, Tottenham og andre klubbar skal vere representert - det hadde vore heilt topp for alle.

- Tanken er at flest mogleg supporterar for engelsk fotball skal kunne samlast her, seier Bertil Holen. Her kan vi ha samlingar med quiz og andre sosiale aktivitetar.

Fotballpubar har det alltid vore, men ikkje ein som dette hevdar initiativtakarane.

Bertil Holen

Bertil Holen ønskjer stor aktivitet i puben

Foto: Arne Flatin / NRK

- Ålesund har hatt fleire fotballpubar, men ikkje i ordets rette forstand, meiner Holen. Her kan du sjå fire kampar samtidig, veggane blir pryda av fotballdekorasjonar - og anna som gir tilhøyrigheit.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL