Hopp til innhold

Ornitologar ut mot vindkraftanlegg

Ornitologar tar internasjonsjonalt initiativ for å kartlegge følgene av 2000 vindmøller i Nordsjøbassenget.

Det blå feltet er Doggerbank og vindmøllekraftanleggetvil bli lagt midt i det.

OMSTRIDT ANLEGG: Det blå feltet er Doggerbank. Vindkraftanlegget er planlagt midt i dette området.

Foto: Illustrasjon

Norsk Ornitologisk Forening mobiliserer internasjonale miljøorganisasjonar mot verdas største vindkraftutbygging i britisk sektor på Doggerbanken.

Ornitologane vil vite følgene for fuglelivet før Storbritannia startar utbygging av 2000 vindturbinar.

- Må samarbeide

Alv Ottar Folkestad på Runde

VIL HA SAMARBEID: Leiar Alv Ottar Folkestad i Norsk Ornitologisk Foreining vil ha internasjonalt samarbeid mot vindkraftanlegget.

Foto: Øystein Windstad

Noreg har eit globalt ansvar i denne saka, meiner ornitolog Alv Ottar Folkestad.

- Når me snakkar om det å ta vare på ein levande natur, så har det vore skrive mykje om at her må me tenke heilskap. Her må me tenke internasjonalt og globalt, seier Alv Ottar Folkestad.

- Her må me samarbeide og handle saman med den kunnskapen som er tilgjengeleg.

Kan hamne i Bernkonvensjonen

Norsk Ornitologisk Forening koplar no inn både paraplyorganisasjonen for verdas ornitologi-foreiningar, Birdlifte International, og den store britiske miljøorganisasjonen Royal Society for Protection of Birds.

Dei vil ha saka vurdert opp mot internasjonale konvensajonar og avtaler, og i siste instans kan saka hamne i Bernkonvensjonen.

Ornitologane er redd for både trekkkfugl og fugleslag som beitar plankton og fisk i Nordsjøbassenget.

- Får følgjer for fugl

2000 vindturbinar utanfor Storbritannia kan få fylger for mange av fugleartane på våre kantar meiner Alv Ottar Folkestad.

- Alt av fuglefjellsfugl, det vil seie mellom anna alkefuglar, havsule, havhest og krykkjer vil bli påverka, seier han.

- Me har sett at desse fuglane har hatt problem med oljeinstallasjonar, men eg er redd det blir blåbær i forhold til det som vil skje om me får vindkraftanlegg som dekkjer enorme havområde.