Hopp til innhold

Mann sit framleis i krana

Ein mann truar onsdag med å hoppe frå ei bygningskran i Molde. Politiet seier at dei ikkje kjem til å hente han ned.

Forskansa seg i kran
Foto: Roar Strøm / NRK

Sidan klokka sju onsdag morgon har mannen forskansa seg i toppen av ei kran som står på bygningsområdet ved Molde Fjordstuer på Reknes.

Overnatter truleg

Politiet opplyser til NRK no i kveld at mannen framleis er oppe i krana, og at dei ikkje kjem til å hente han ned.

- Mannen har personlege problem og treng hjelp, men han er ikkje til fare for andre, seier innsatsleiar Reidar Gussiås frå politiet.

Vegen åpna igjen

Vegen frå Alexandra Hotell til vestsida av Aker stadion er åpnet igjen, etter å ha vore sperra tidlegare i dag.

Det samla seg mykje folk på området og politiet ba folk om å trekkje seg unna for å få fred til å løyse den vanskelege situasjonen.