Hopp til innhold

Slik går det når alle kjem tidleg

Grytidleg i dag stod køane gjennom heile terminalbygningen på Flesland.

Kø på Flesland

LANG KØ: På eit tidspunkt stod køen gjennom heile terminalbygningen og bort til inngangsdøra.

Foto: Thomas Hellum / NRK

– Vi har tilnærma normal bemanning i sikkerheitskontrollen. Men mange har møtt fram tidleg, etter at vi gjekk ut med oppfordring om det. Derfor er det kø, seier Grethe Vikane som er sjef for teknikk og kundeservice i Avinor på Flesland.

Det var kø på Flesland allereie klokka 04.30 i dag.

Flesland og fleire andre flyplassar har vore ramma av streik blant vektarane sidan fredag kveld.

Les og: Inga vektar-løysing - men samtalane held fram måndag | Streikerammet helikoptertrafikk | - Forferdelige køer på Sola | Lange køer i flyplass-Norge

Skryt til passasjerane

Flesland uten kø

KØEN FORSVANN: Seinare på morgonen var køane vekke og ventetida tilbake til det normale. Biletet er frå klokka 09.00.

Foto: webcam, Avinor

I løpet av helga har folk møtt fram opp til tre timar tidlegare enn dei skulle, ifølgje Vikane.

Seinare på morgonen måndag var dei lange køane vekke, og ventetida for å koma gjennom sikkerheitskontrollen var tilbake til det normale.

– Rådet er fortsatt å møta fram tidleg. Dette går bra fordi passasjerane er flinke til å følgja dei råda vi gir, seier Vikane.

Det har og vore lange køar på andre flyplassar i dag.

Til København

– Tanken var å koma tidleg, seier Nina Østlyngen, som er ein av mange som stod i kø på Flesland.

Ho skal til København saman med ei venninne og har god tid til å nå flyet som går klokka klokka 10.

– Eg har fulgt med i media og var innstilt på at eg måtte koma tidleg, seier Østlyngen.

Kø på Flesland

MANGE KOM TIDLEG: Slik såg det ut på Flesland klokka 06.30.

Foto: Lene Granli / NRK