Hopp til innhold

Vil ha lyntog på begge sider av Mjøsa.

Eit høghastigheitstog frå Oslo til Moelv via Hadeland og Gjøvik vil vere lønnsamt. Det meiner dagleg leiar Jørg Westermann i Norsk Bane.

Høyhastighetstog

Tog som går i 250 km/t kan bli ein realitet på begge sidene av Mjøsa.

Foto: Wärter for Deutsche Bahn

Det er det tyske jernbaneselskapet Deutsche Bahn som har laga ei utgreiing som viser at ei mogleg høghastighetsbane på begge sider av Mjøsa vil vere både samfunns- og bedriftsøkonomisk lønnsam.

– Det er da vist at dette kan vere ein del av strekninga Oslo-Trondheim. Konklusjonen er at det ikkje er klare indikasjonar på at den eine sida av Mjøsa er betre enn den andre og da vil vi helst bygge begge to, seier Westermann.

– Naturvenleg

Utgreiinga som vart lagt fram i dag syner at ei bane frå Oslo via Hadeland og Gjøvik og over til Moelv vil vere nedbetalt på 30 år. For å få til denne løysinga må det byggjast ei ny jernbanebru frå Redalen i Gjøvik over til Moelv.

Jørg Westermann meiner dette er klimapolitikk på sitt beste, og at naturinngrepa vil bli akseptable.

– Det er lagt veldig mykje arbeid i å finne løysingar som er gode for natur og miljø. Det er sjølvsagt ei utfordring på Hadeland, til dømes mellom Gran og Roa, der det er mykje dyrka mark. Men også der har dei funne løysingar som brukar mykje tunnel og ligg nær allereie eksisterande trasear.

– Verkar truverdig

Dette er dårleg nytt for dei som kjempar for lyntog gjennom Østerdalen. Dette alternativet har Norsk Bane nå lagt på is fordi dei meiner passasjergrunnlaget ikkje er godt nok.

Men på Gjøvik skapar forslaget om høghastigheitstog forbi Gjøvik begeistring. Dagleg leiar i Mustad næringspark, Terje Solheim, meiner dette gjev store moglegheiter.

– Da blir vi liggjande under ein time til Oslo, og det er ei grei dagpendlartid. Og da trur eg at der vi ligg med fjell og Mjøsa vil gjere oss attraktive for tilflytting.

Er det realistisk å få til dette?

Ut frå det eg har fått framsynt så verkar det veldig truverdig ut, Deutsche Bahn har mykje kompetanse frå liknande arbeid rundt om i verda, seier Terje Solheim.

Flere saker fra Innlandet