Hopp til innhold

Norske barn i toppen på nettstadar med hatinnhald

Eitt av fire norske barn mellom elleve og seksten år har vore på nettstadar med det dei oppfattar som hatefullt innhald. Det er dobbelt så mange som europagjennomsnittet.

Internett og barn

Ein gut sit framfor ei datamaskin i Berlin. Norske barn er meir inne på nettstadar med det dei oppfattar som hatefullt innhald, enn sine europeiske jamnaldrande.

Foto: JOHN MACDOUGALL / Afp

Eitt av fire norske barn mellom elleve og seksten år har vore inne på nettstadar med innhald dei oppfattar som «hatefullt».

Ifølgje ei europeisk undersøking er dette meir enn dei aller fleste andre europeiske barn. Berre tsjekkiske barn scorar høgre.

Elisabeth Staksrud

Medievitar ved UiO, Elisabeth Staksrud, seier det er overraskande at så mange norske barn har sett hatefullt innhald på Internett.

Foto: Privat

– Blant barn og unge mellom 11 og 16 år ligg europagjennomsnittet på 12 prosent, medan det er nesten dobbelt så mange norske barn som har vore inne på slike sider, fortel medievitar Elisabeth Staksrud, som har leia den norske delen av undersøkinga, til NRK.no.

Spørsmålet som ligg til grunn for tala er: «I løpet av dei siste 12 månadane- har du sett internettsider der personar diskuterer stygge meldingar (hat) retta mot visse grupper eller enkeltpersonar?»

25.000 europeiske barn har svart på spørsmålet, som ein del av den omfattande undersøkinga Eu Kids Online.

LES: Slik oppfører norske barn seg på nett

– Ikkje mobbing, men hatideologi

Staksrud omtalar slike sider som hatsider, retta mot enkeltindivid eller grupper i samfunnet. Ho presiserer at det ikkje er det same som nettmobbing.

– Hatsider fremjar negative haldningar og hat mot andre grupper, men det kan også vere mot enkeltpersonar som barn ikkje kjenner. Det er altså ikkje det vi definerer som mobbing, men det er nettsider som inneheld aggresjon eller hatideologi, seier Staksrud.

– I kommentarfelt på ulike nettaviser kan det også dukke opp slike haldningar. Går det inn under definisjonen?

– Det kan det gjere. Dette avhenger av korleis barna sjølv har oppfatta spørsmålet, og ikkje minst korleis dei oppfattar nettdebattar. Om barn opplever nettdebattar i offentlege fora, slik som aviser, som aggressive og hatefulle, er dette noko som kan få dei til å svare ja, seier Staksrud.

LES RÅDA: Slik beskyttar du barna på nett

– Ideologisk forførande

Det er ikkje berre sider med hatefullt innhald retta mot vaksne som barna kan ha fått tilgang til. Nokre av sidene er spesielt retta mot barn.

– Hatsider som er retta mot vaksne er ofte veldig aggressive, dei er direkte i forhold til kven dei er imot. Sider som er retta mot barn, og dei er det desverre nokre av, er ofte meir positive. Dei snakkar meir om korleis barn skal vere stolte av kven dei er og korleis ein ønskjer å vere med på å byggje eit spesielt samfunn. Det er svært ideologisk forførande, fortel Staksrud.

LES OGSÅ: – Lærerne har ikke peiling på data

LES OGSÅ: - Engasjer deg i barns internettbruk

Forskaren meiner det er overraskande at norske barn ligg i europatoppen.

– Veit de kva barn det er som går inn på desse sidene?

– Vi ser at det er ein sterk auke med alder, slik at når vi kjem til 15-16-årsalderen har nesten halvparten av alle norske barn vore inne på ei slik side. Når det gjeld gutar og jenter er det nesten ingen forskjell.

Staksrud har ikkje noko svar på kvifor barna går inn på desse sidene, men det blir no sett i gang ein ny studie som ho håpar skal kunne svare på det.

HØYR REPORTASJEN:

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP