Hopp til innhold

- Svært tynn tillit til Storberget

Tilliten til justisminister Knut Storberget er temmeleg skral etter nye opplysningar i hijab-saka, seier Per Sandberg.

Fremrkrittspartiets nestleder Per Sandberg presenterer Frp sitt nye partiprogram for 2009 - 2013
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Frp går ikkje så langt at dei krev at Storberget trekkjer seg som statsråd, men meiner at justisministeren ikkje kan sitje med illojale medarbeidarar.

- Vi går ikkje ut å seier at nokon skal søkje avskjed, men dersom det er illojale medarbeidarar rundt Storberget, må statsråden og statsministeren rydde opp i problemet, seier Sandberg.

Visste ingen ting

I går vart det kjent at medarbeidarar i justisdepartementet gjekk bak ryggen til Storberget, og offentleggjorde eit skriv om hijab i politiet utan at Storberget visste om det.

LES: Storberget visste ikke om hijab-vedtak

- Dette gjer saka endå meir alvorleg, for då har ikkje Storberget kontroll på politi og justis, og heller ikkje internt i departementet, seier Sandberg.

Video nsps_upload_2009_2_19_9_28_15_612.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: - Tilliten til justisministeren er svært tynn

Statsminister Jens Stoltenberg forsvara Storberget i spørjetimen på Stortinget i går.

- Det er svært alvorleg, for det er ingen tvil om at Storberget har det heile og fulle ansvaret uansett korleis denne saka har blitt presentert. Det var fullt mogleg for statsråden å stoppe eller diskutere saka før den vart presentert som eit vedtak, meiner Sandberg.

- Stor bjørneteneste

Tidlegare justisminister Odd Einar Dørum meiner medarbeidarane rundt Storberget har gjort ein dårleg jobb, men at Storberget må ta ansvaret.

- Å lekkje ut ei slik historie er å gjere Storberget ei stor bjørneteneste. Som statsråd kan du delegere bort arbeid, men du sit alltid med ansvaret. Dette viser at det ikkje blir snakka ordentleg saman i departementet, seier Dørum.

Han meiner det er på tide at Storberget ryddar opp i rotet rundt hijab-debatten.

- Uansett kva som har skjedd må han ta ansvar. Han har to val, enten må han gå ut å seie at dette står eg ved, eller så må han vedgå at det er gjort ein feil, meiner Dørum.

Les også: - Dårlig planlegging, Storberget

AKTUELT NÅ