Hopp til innhold

- Gjer det vi er plikta til å gjere

- Vi tek omsyn til den heilt livsnaudsynte verksemda og kjem til å ha eit visst minimum av bemanning under streiken i morgon, seier Politiets Fellesforbund.

Arne Johannessen (t.v.) og Knut Storberget
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Tidlegare i dag varsla Politiets Fellesforbund at politiet over heile landet i morgon går til politisk streik mellom klokka 11 og klokka 12.30.

Streiken er ei markering mot at regjeringa vil tvinge politiet til å akseptere unntak frå vernereglane om kviletid i Arbeidsmiljølova, og ta frå dei tillitsvalde forhandlingsretten.

- Gjer det vi må

Ifølgje nestleiar Bjørn Enge i Politiets Fellesforbund er streiken organisert slik at dei mest livsnaudsynte arbeidsoppgåvene vert oppretthalde.

- Vi tek omsyn til den heilt livsnaudsynte verksemda og kjem til å ha eit visst minimum av bemanning, men elles følgjer vi dei vanlege spelereglane for slike politiske markeringar, seier Bjørn Enge til nrk.no

- Kan de garantere for at streiken ikkje medfører fare for liv og helse for den norske befolkninga?

- Det er det opp til politileiinga å syte for, men ja, vi gjer det vi er plikta til å gjere i ein slik situasjon, seier Enge.

Heile landet vert ramma

Ifølgje leiar Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund kjem heile landet til å verte ramma av streiken. Men det er likevel ikkje fritt fram for kriminelle mellom klokka 11 og klokka 12.30, seier han.

- Alle politidistrikt, alle særorgan, heile politi-Noreg vert ramma av den politiske streiken. Men vi vil sjølvsagt, som alltid, syte for at i alle fall operasjonssentralane og den heilt livsnaudsynte delen av politiet har minimumsbemanning, seier Johannessen til NRK.

- Det er lov å ytre seg politisk i eit demokrati, også for politiet, legg han til.

- Trur ikkje på snarleg løysing

Unntaksreglane i arbeidsmiljølova skulle evaluerast innan førre årsskifte for så å verte avgjort i forhandlingar. Men måndag kom regjeringa med kontramelding.

Politiets Fellesforbund kjenner seg lurt av regjeringa.

- Heile organisasjonen står bak streiken. Vedtaket under styremøtet i dag var samrøystes, seier informasjonsrådgjevar Gry Jorunn Holmen i Politiets Fellesforbund til nrk.no.

- Kva skjer etter denne streiken?

- Klokka 12.30 kjem folk til å gå tilbake til jobbane sine og vi vil sjå an situasjonen. Vi trur ikkje dette kjem til å føre til ei løysing med det same, men meiner vi må markere kor misnøgde vi er med avgjerda, seier Holmen.

AKTUELT NÅ