Sel - Foto: Lars Kleivane / Lars Kleivane
Foto: Lars Kleivane / Lars Kleivane

Fryktar selinvasjon på kysten

Det er langt mellom norske jaktmenn som dreg til Vestisen eller Austisen for å fange sel. Det er eit problem, i følgje næringa sjølv.

Av fire båtar som har fått løyve til å skyte sel, er det berre ein som er sikker på å dra på fangst. No er heile næringa truga, og det bekymrar selfangstmann Bjørne Kvernmoe.

- No er det berre ein eller to båtar att, og det er det same som at det snart er slutt, fortel han.

 Kan bety selinvasjon

I glansdagane tok norske fangstmenn ut fleire hundre tusen sel i året, men no er kvota 31.000 dyr. Berre ein brøkdel vert tatt. I fjor kom skutene tilbake med vel 8.000 sel, etter fire vekers fangst. Når ein sel et mellom eit og eit og eit halv tonn fisk i året, frykter mange at kutt i selfangsten kan føre til selinvasjon langs kysten. Bjørne Kvernemoe er ein av skeptikarane:

- Plutseleg får vi ein selinvasjon på kysten, som vi hadde på syttitalet. Om selen trekkjer til kysten for å ernære seg, så får vi ein artig situasjon på nytt igjen.

- Ein selinvajson vil ramme fiskeria katastrofalt. Det var det som skjedde sist, seier Kvernemoe.

Industri vs. dyrevern

Utan statsstøtte hadde det neppe vore fangst i dag. I fjor løyvde fiskeridepartementet 16 millionar kroner til skutene. Trass i det rapporterer fangsmennene og gamle båtar, dårleg forteneste og varierande fangsttilhøve. Den viktigaste årsaka til nedgangen handlar likevel om dyrevern. Hjå CG Riber Skinn, som i dag er einaste mottakar av selen i Noreg, er direktør Per Henning Hamnes klar i at motstandarane sin kamp har vore effektiv

- Kampen til dyrevernarane har betydning, og er ikkje av negativ sidan dei bruker såpass harde verkemiddel.

Det mest frustrerande er feilinformasjonen, seier Hamnes.

- Dei bruker gamle argument om avling av kvitinge, men inspektørar har vore med og dokumentert at det ikkje førekjem lenger.

Svart, men ikkje heilsvart

Trass i harde kampar mellom industri og dyrevernarar har Hamnes trua på framtida.

- Etterspurnaden etter produktet er der framleis, og det trur vi den vil fortsette å vere. Men ein må gjere ei marknadstilpasning når pelsmarknaden svinger, og vi må svinge og leve med den.

Tru på framtida har også skipper på Kvitbjørn, Karl Angelsen.

- På sikt må vi få utnytta alle isområda i dei nordlege farvatna.

Vi følger

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 03030 eller 03030@nrk.no

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)