Hopp til innhold

Fattige får 50 millionar

Fattigdomen i Noreg skal vekk. Fredag lanserte regjeringa si løysing, og ho har fått namnet «Kvalifiseringsprogrammet».

Fattig familie
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Kvalifiseringsprogrammet skal gje nye moglegheiter til dei som i dagens system vert avhengige av økonomisk sosialhjelp, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Og kvalifiseringsprogrammet skal vera regjeringa sitt hovudverkty for å nedkjempa fattigdomen.

Forsiktig start

Regjeringa startar forsiktig, for det er berre kommunar med NAV-kontor som får vera med på satsinga. Og i dag finst det berre slike kontor i omlag 100 av kommunane i Noreg. Dei to neste månadene har desse 100 fått 50 millionar kroner på deling. Fyrst når utbyggjinga av NAV-kontora skal vera ferdig i 2009 vil programmet verta landsdekkjande.

Les òg: Fattige får 50 millionar kroner

Les òg: En million til sosialhjelpsmottakere

Trappar opp satsinga over nyttår

Arbeidet med å verta kvitt fattigdomen vert trappa opp i 2008. Då førelsår regjeringa å femdobla summen og løyva 230 millionar til kvalifiseringsprogrammet. Pengane skal gå til å dekkja inn ekstrautgiftene kommunane har med programmet.

Kvalifisering til kva?

Målet med programmet å få folk ut av fattigdom og sosialkontora og inn i arbeidsmarknaden. 

For mange av dei som dag får sosialstønad fell utanfor arbeidsmarknaden og dei har heller har rett på trygd. Dette nye tiltaket skal, saman med økonomisk sosialstønad, få folk i arbeid

– Kvalifiseringsprogrammet skal innehalda tiltak som stør opp under og førebur overgangen til arbeid, seier statsråden.

For regjeringa meiner at dei fleste kan greia seg i vanleg jobb dersom god og rett oppfylgjing. Og dei som ikkje kan arbeida, skal få ei rask vurdering slik at dei får rett til permanente trygdeytingar, fortel Hansen.

Ny stønad: Kvalifiseringsstønad

Dei som vert omfatta av dette nye programmet får rett til ein kvalifiseringsstønad på 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda, det vil seia om lag 133 600 kroner i året.

Dei som er under 25 år får to tredeler av dette. I tillegg vil personar med born få barnetillegg.

 

AKTUELT NÅ