Hopp til innhold

Føreslår kampstyrker til Finnmark

Sjefen for Hæren føreslår at det kan kome kampsoldatar til Finnmark igjen om forholdet til Russland forverrar seg.

Forsvarsøvelse i Finnmark

FINNMARK: I mars heldt Noreg sin første store militære øving i Finnmark sidan 1967. Russiske medier skreiv at dette blei oppfatta som ein provokasjon og at dette var noko Noreg gjorde for å blidgjere NATO og USA.

Foto: Ole-Sverre Haugli/Hæren/Forsvarets mediesenter / NTB scanpix

Den norske hærsjefen, generalinspektør for hæren Rune Jakobsen meiner politikarane bør vurdere å sende kampsoldatar til Finnmark igjen:

– Russland er ikkje ein trussel mot Noreg no. Men, om trusselbildet forandrar seg så er auka fysisk nærvær ein moglegheit, seier generalmajor Jakobsen.

(Sjå intervju med forsvarssjefen her, saka fortset under videoen)

I dag er det ingen fast kampstyrke i vårt nordligste fylke.

Kampsoldatar til Porsanger

Generalmajor Jakobsen ser for seg to alternativ om politikarane meiner det er nødvendig med kampstyrkar i Finnmark igjen:

– Det er mange måtar å få auka nærvær på. Eit alternativ er å gjenopprette den gamle jegerbataljonen me hadde i Garnisonen i Porsanger. Ein annan måte er å flytte styrker frå Brigade Bord i indre Troms som kan vere stasjonert i Finnmark på rotasjon, seier hærsjefen.

Han meiner at om ein har kampstyrkar med tunge våpen i Finnmark så kan det ha ei såkalla avskrekkande effekt på Putin og hans militært orienterte regjering. Tanken er at godt rusta kampsoldatar skal gjere at det russiske militæret vil vegre seg vesentleg meir for å eventuelt krysse norskegrensa.

Haakon Bruun-Hanssen

KJEM MED RÅD: Forsvarssjef Haakon Bruun Hansen kjem 1. oktober med sitt fagmilitære råd til norske politikarar. Der vil det stå om han anbefalar norske permanente kampstyrker i Finnmark igjen. I dag har Norge plassert heimevernssoldatar og såkalla grensejegerar i Finnmark. Dette er ikkje relativt små einheiter som er lett utrusta.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Forsvarssjefen vil vurdere

Den 1. oktober så vil forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen kome med sit fagmilitære råd til norske politikarar. Han seier at dei ikkje har konkludert, men at det kan bli aktuelt med kampavdelingar i Finnmark igjen:

– Eg har fått i oppdrag å auke reaksjonsevna til Forsvaret. Då må eg sjå på korleis me gjer det, kva styrker me treng og kor dei må vere plassert for å løyse det oppdraget. Eg har ikkje konkludert med noko enno, men det kan bli aktuelt å foreslå permanente kampstyrkar i Finnmark, seier Bruun-Hanssen.

– Må revurdere styrkane

Også forsvarssjefen understrekar at dei ikkje ser Russland som ein trussel mot Noreg slik bildet er no.

Kan kampstyrkar i Finnmark provosere Russland?

– Det er vanskeleg å svare på. Me var sterkt til stades i Finnmark under Den kalde krigen. Seinare blei Forsvaret redusert vesentleg lengst nord. No er det ein ny tryggingspolitisk situasjon og då må ein revurdere korleis Forsvaret skal vere organisert og plassert i framtida, seier forsvarssjef Bruun-Hanssen.

Sjå videointervju med korrespondent Morten Jentoft om Moskva sin reaksjon

Morten Jentoft

Forsvarsminister Ine Marie Søreide ønska ikkje å kommentere spørsmålet om dei vil vurdere kampstyrkar i Finnmark.

AKTUELT NÅ