Hopp til innhold

SSB vil ikkje lage kriminalstatistikk om innvandrarar til FrP

Ingen veit kva grupper som er mest representert på kriminalstatistikken i Norge. Framstegspartiet etterlyser meir informasjon, men SSB vil ikkje lage slik statistikk. – Uheldig, meiner Norsk presseforbund.

Harald Tom Nesvik etter at stortingsgruppa til Fremskrittspartiet har diskutert asylpolitikk

Parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik og stortingsgruppa til Frp vil ha meir informasjon om bakgrunnen til kriminelle.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

For rundt ti år sidan utmerka innvandrarar frå enkelte land seg på kriminalstatistikken. Personar frå Irak, Iran, Afghanistan og Somalia trakk opp statistikken, medan personar frå land i Europa, samt Filippinene, Kina og Thailand var med på å trekke den ned, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Framstegspartiet vil gjerne vite korleis situasjonen er i dag, og har spurt SSB om å få siste tilgjengelege statistikk.

Harald Tom Nesvik

Parlamentarisk nestleiar i Framstegspartiet, Harald Tom Nesvik.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Vi vil ha ei oversikt over kriminalstatistikken basert både på innvandrarbakgrunn og landsstatistikk. Slik kan vi få vi best mogleg oversikt over situasjonen, seier parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik i FrP.

Avslag frå SSB

Men SSB har ingen planar om å utvide kriminalstatistikken til også å omfatte innvandrar- eller landsbakgrunn.

Det liker Nesvik dårleg:

– Vi er villige til å betale for å få dette på plass. Dette er viktig informasjon som vi treng for å forme ut politikken vår, seier han.

Årsaka til avslaget frå SSB, er at byrået ikkje har kapasitet til å utforme slik statistikk, seier administrerande direktør Christine Meyer.

Christine Meyer

Administrerande direktør Christine Meyer i SSB har ikkje kapasitet til å utvide kriminalstatistikken.

Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

– Vi publiserer berre tal for statsborgarskap. Avslaget vi gav til FrP ville vi òg gitt til andre som hadde bede om det same.

– Men SSB har hatt denne statistikken tidlegare. Kan ikkje byrået bygge vidare på dette grunnlaget?

– Vi må jo oppdatere den statistikken med nye tal, og vil krevje eit stort arbeid frå vår side, seier Meyer.

– Viktig informasjon

Generalsekretær Kjersti Løken Stavrum

Generalsekretær Kjersti Løken Stavrum meiner det er uheldig at SSB ikkje vil gje ut informasjon.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Generalsekretær i Norsk presseforbund, Kjersti Løken Stavrum meiner avslaget frå SSB er uheldig. Ho viser til hendingane i Köln nyårsaftan, der politiet har registrert fleire hundre meldingar om trakassering av kvinner, samt overgrep på jenter og kvinner på ein stor musikkfestival i Stockholm to år på rad.

– Det FrP har bede om oppfattar eg som viktig informasjon som har blitt relevant i dei debattane som har gått nyleg. Derfor reagerer eg på at SSB etterlater eit inntrykk av at dei ikkje ønsker å utlevere data, seier Stavrum.

Ho åtvarar mot alt som kan bli oppfatta som politisk avgrensing av informasjon.

– Det vil vere veldig uheldig dersom det blir skapt eit inntrykk av at offentlege miljø ikkje ønsker at noko informasjon skal kome ut.

Harald Tom Nesvik og stortingsgruppa til FrP etterlyser meir informasjon om bakgrunnen til kriminelle i Norge.

SSB vil ikkje lage kriminalstatistikk om innvandrarar til FrP.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger