Hopp til innhold

Ny «ekstremstasjon» på Bouvetøya

Den gamle forskingsstasjonen på Bouvetøya bles på havet under ekstreme verforhold i Sørishavet. No er ein ny stasjon på plass. Dermed kan norsk forsking på sel og fugl komme i gang igjen – med den mest isolerte staden på jorda som base.

Inn for landing på Boutvetøya

VIDEO: Sjå unike bilete av Bouvetøya frå helikopter.

polarinstituttet

VERHARDT: – Øya er så verhard at kapasiteten som forskingsplattform ikkje kan utnyttast utan ein stasjon som tåler ver og vind, seier forskningsdirektør Nalân Koç ved Norsk Polarinstitutt.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Sidan midt av 1990-talet har Norsk Polarinstitutt drive forsking og overvaking av sel, pingvinar og andre fugleartar på Bouvetøya. Det er om lag 70.000 pelssel på øya, som er ei norsk øy i Sørishavet, midt mellom Sør-Afrika og Antarktis.

Gammal stasjon borte

Polarinstituttet har hatt forskingsstasjon der i fleire periodar, men desse har ikkje vore robuste nok til å takle dei ekstreme verforholda i området.

Bouvetøya sett fra rommet.

Boutvetøya sett frå rommet.

Foto: Image Science & Analysis Laboratory, NASA Johnson Space Center

Hausten 2007 viste satellittbilete at feltstasjonen på øya var borte. Området der stasjonen stod, hadde rast ut i havet. Årsaka kan vere at eit jordskjelv i havet utanfor Bouvetøya i 2006 hadde svekka fundamenteringa. Under ekstreme vinterstormar kan dermed feltstasjonen ha blåse på havet. Stasjonen, som var eit containerbygg på 36 kvadratmeter, blei sett opp i 1996.

(Saken fortsetter under videoen)

Ny forskingsstasjon på Bouvetøya

VIDEO: Den nye forskingsstasjonen blir sett på plass på Bouvetøya.

Forskar på sel og pingvinar

No er ein ny stasjon sett opp. Stasjonen blei klargjort i Tromsø, og frakta til Bouvetøya med båt frå Cape Town. Dermed kan forskingsarbeidet endeleg komme i gang igjen for fullt, fortel forskingsdirektør Nalân Koç ved Norsk Polarinstitutt.

– Vi ser det som svært viktig å kunne vere fysisk til stades på denne mest isolerte øya i verda. Feltstasjonen blir base for forskarar og ulike instrument som samlar inn data frå eit svært stort havområde. Øya er så verhard at kapasiteten som forskingsplattform ikkje kan utnyttast utan ein stasjon som tåler ver og vind, seier Koç.

– Bouvetøya er også eit unikt utgangspunkt for å samle inn meteorologiske og seismiske data, legg ho til.

Internasjonalt samarbeid

– Overvakinga vi driv er eit svært viktig bidrag til betre å kunne forstå det økosystemet som Bouvetøya er ein del av, seier Koç.

Arbeidet er ledd i eit internasjonalt program for overvaking av økosystemet under Konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR).

(Saken fortsetter under videoen)

Dyreliv på Bouvetøya

VIDEO: Norsk Polarinstitutt har sidan midt på 1990-talet drive forsking og overvaking av dyrelivet på Bouvetøya.

Robust stasjon

Det er ein svært robust og teknisk avansert stasjon som no er på plass i Sørishavet. Stasjonen gjev plass til seks personer i perioder på 2-4 månader, og den er konstruert og innreidd for å tåle tøffe værforhold.

– Stasjonen er utstyrt med kamera og meteorologiske sensorar som skal sende data via satellitt gjennom heile året. Energiforsyninga er basert på vindkraft som gjer det mogeleg å drive måleutstyr også i dei lange periodane når stasjonen er ubetjent, fortel Øystein Mikelborg, dåverande avdelingsdirektør for operasjon og logistikk ved Norsk Polarinstitutt, då feltstasjonen blei vist fram i Tromsø i desember 2012.

Den norske Norvegia-ekspedisjonen gjekk i land på Bouvetøya 1. desember 1927, planta det norske flagget og erklærte øya for norsk territorium. Britane reagerte på dette, for dei hadde lagt inn krav på øya så tidleg som i 1825.

Etter ein del diplomatiske aktivitet gav britane opp sitt krav i 1929, og i 1930 blei Bouvetøya, etter norsk lov, definert som norsk biland.

Kart over Bouvetøya

ISOLERT: Bouvetøya ligg midt i Sørishavet, om lag 2200 kilometer sør for Sør-Afrika. Øya blir rekna som den mest isolerte staden i verda (1.600 kilometer til næraste land - Gough Island).

Foto: NRK
stasjon2
Foto: Norsk Polarinstitutt

polar
Foto: Norsk Polarinstitutt
Forskere på feltarbeid på Bouvetøya

FORSKARAR I SVING: Forskarar på feltarbeid på Bouvetøya. Sidan midt på 1990-talet har Norsk Polarinstitutt drive forsking og overvaking av sel, pingvinar og andre fugleartar her.

Foto: Martin Biuw, Norsk Polarinstitutt

På verdens mest avsidesliggende øy, Bouvetøya, skal det plasseres en ny feltstasjon hvor forskere skal bo i rått klima.

ALLEREIE INNVIGD: Den nye feltstasjonen som no er utplassert på Bouvetøya blei innvigd i Tromsø i desember 2012. Foto: Eskil Mehren.

AKTUELT NÅ