Hopp til innhold

Difor støttar Kåre Willoch eit OL-nei

Statsministeren som gav statsgaranti til Lillehammer-OL gir Siv Jensen (Frp) ros for sitt soleklare nei til vinterleikar i Noreg i 2022.

Statsministeren som gav statsgaranti til Lillehammer-OL gir Siv Jensen (Frp) ros for sitt soleklare nei til vinterleikar i Noreg i 2022.

Kåre Willoch var statsminister i regjeringa som i 1985 gav statsgaranti til Lillehammer-OL. I dag tek han Siv Jensen sitt parti og meiner det er feil å bruka 35 milliardar kroner på olympiske leikar i Oslo i 2022.

Kritikken frå Idretts-Noreg og andre OL-entusiastar har hagla mot Framstegspartiet og Siv Jensen etter at partiet på sitt landsmøte i vår vedtok å seia nei til Oslo-OL.

– Når finansministeren ikkje greier å sjå at dette er meir enn ein 16 dagar lang idrettsfest, kan ein jo lura på kva ein har plassert i dette finansdepartementet, rasar presidenten i Skiskyttarforbundet, Tore Bøygard.

Men midt i all risen er det éin som meiner Siv Jensen fortener lovord for sitt OL-nei: Kåre Willoch.

Milliardsprekk for Lillehammer-OL

– Eg har lenge kritisert Siv Jensen for å ville bruka for mykje pengar til mange føremål. Det er verdifullt at ho som finansminister endeleg ser trongen for å bremsa utgiftsveksten, seier Willoch.

Kåre Willoch (H) var statsminister for Høgre-regjeringa som i 1985 gav den første statsgarantien for Lillehammer-OL. Garantien var den gongen på 1,5 milliardar kroner.

Prislappen blei, som Willoch sjølv understrekar, dramatisk mykje høgare enn det som var spådd på førehand: om lag sju milliardar kroner.

I haust skal Stortinget ta stilling til om Oslo skal få statsgaranti på 35 milliardar kroner til å arrangera OL i 2022.

– Det er kolossalt mykje pengar. Skulle denne summen veksa seg enda større, så er det ganske alarmerande. Eg er overbevist om at me vil kunne bruka arbeidskrafta, kunnskapen og ressursane til større og meir varig glede for mange menneske på andre måtar enn ved å laga ein stor fest, seier Willoch.

Kritikken prellar av

Sjølv om Frp møter hard motbør for sitt nei, er partiet ikkje til å rikka, opplyser Siv Jensen til NRK onsdag.

– Me har teke eit klart standpunkt mot OL fordi me meiner det er eit kostnadssluk av dimensjonar som heller ikkje har støtte i eit breitt lag av folkesetnaden, seier ho.

Frp-statsråden oppmodar IOC til å gå i seg sjølve og tenkja over korleis ein i framtida skal gjennomføra slike arrangement.

– Det skal vera folkefest og glede – ikkje ein dyr fest for ein liten utvald krins, meiner Jensen.

Siv Jensen står fast ved sitt nei til OL i Oslo i 2022.

Siv Jensen står fast ved sitt nei til OL i Oslo i 2022.

Kåre Willoch har fått oppleva to vinter-OL i Noreg: Lillehammer i 1994 og Oslo i 1952.

Bør ikkje dei som er unge i dag få lov til å oppleva OL på heimebane?

– I vår moderne tid vil mange kunne oppleva OL sjølv om det ikkje vert skipa til i Noreg. Dei kan reisa dit det vert arrangert. For det andre er TV-dekninga i dag ganske god, for å seia det mildt, smiler den tidlegare statsministeren.

Den internasjonale olympiske komité (IOC) tek den endelege avgjerda om kven av kandidatane som får OL og Paralympics i 2022. Det skjer den 31. juli 2015.

AKTUELT NÅ