Hopp til innhold

Frp vil ha folkerøysting om velferd eller innvandring

Framstegspartiet vil at det norske folk i ei folkerøysting skal få velje mellom å halde oppe velferdsstaten eller innvandringsnivået.

Sandberg folkeasvtemning

Nestleiar i Frp, Per Sandberg, seier at ei slik folkerøysting vil vere direkte demokrati, og at det ikkje er noko nytt for partiet. Det har stått i handlingsprogrammet i mange år, seier han.

Både Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet avviser forslaget frå Framstegspartiet.

– Ein viktig debatt

I kjølvatnet av folkerøystinga i Sveits, der det var eit knapt fleirtal for å avgrense innvandringa frå EØS-området , meiner Sandberg det er viktig å ta denne debatten også her i landet. Han meiner det er altfor tidleg å felle ein kategorisk dom over det som har skjedd i Sveits, slik ein del parti har gjort.

Sandberg er overtydd om at det ikkje er mogleg å vidareføre dagens velferdsnivå, dersom innvandringa skal halde fram som ho har gjort dei siste åra. Han seier at denne debatten har gått føre seg i andre europeiske land i mange år. No vil han reise debatten også her i landet, slik at norske veljarar skal få alle fakta på bordet om dette spørsmålet.

– Det er viktig å få denne debatten også her i landet. Folkerøystinga i Sveits vil påverke EU og seinare også Noreg. Vi har vore klare over dette problemet i lang tid, og no er det på tide at denne debatten kjem, seier Sandberg til NRK.

Utanfor regjeringa

Sandberg gjer det klart at dette spørsmålet ikkje er oppe i dei forhandlingane som går føre seg mellom regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og dei to støttepartia Kristeleg Folkeparti og Venstre om innvandringspolitikk. Her skal dei bli samde om regjeringa si plattform i dette spørsmålet.

Helga Pedersen

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Helga Pedersen, meiner Noreg er avhengig av innvandring for å halde oppe velferdsnivået.

Foto: Marte Lindi

– Som nestleiar i Frp har eg ei plikt å jobbe for partiprogrammet. Samstundes må vi ta vare på regjeringsplattforma, men partiet skal jobbe for ein berekraftig innvandringspolitikk, seier han. Sandberg legg til at han trur partileiar Siv Jensen vil vere glad for at han arbeider for partiprogrammet.

Sandberg er overtydd om at det ikkje er mogleg å halde oppe velferdsnivået vi har i dag, dersom den noverande innvandringspolitikken blir halden oppe.

– Vil ramme nordmenn

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Helga Pedersen, er overraska over utfallet av folkerøystinga i Sveits. Ho meiner lova ikkje vil ramme berre asylsøkjarar og flyktningar, men også nordmenn.

– Forslaget om folkerøysting om dette her i landet er dårleg. Det er brei semje mellom partia om innvandringspolitikken i dag, også i regjeringa. Vi er heilt avhengige av innvandring nettopp for å vidareutvikle velferdsgoda våre, seier Pedersen.

Ho peikar blant anna på omsorgssektoren, der vi er heilt avhengig av utanlandsk arbeidskraft for å greie oss. Ho avviser at det er fri flyt av innvandrarar til Noreg i dag.

– Innvandringa er regulert, vi må heile tida passe på at innvandringspolitikken er berekraftig. Men vi må ta inn over oss at vi er avhengige av arbeidsinnvandring for å halde hjula i gang, seier ho.

– Stortinget si avgjerd

Helga Pedersen minner også om at vi har internasjonale forpliktingar for menneske på flukt, og at den nye regjeringa hittil ikkje har endra på den raudgrøne regjeringa sin innvandringspolitikk.

Stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold frå Kristeleg Folkeparti avviser Frp-forslaget om ei folkerøysting om innvandring. Han minner om at vi har eit representativt folkestyre her i landet, og at det er stortingspolitikarane som skal ta slike avgjerder.

Vidar Helgesen

Europa-statsråd Vidar Helgesen (H) meiner at økonomien både i Noreg og Sveits har tent på innvandring.

Foto: Nejad, Arash A. / NTB scanpix

Han meiner forslaget frå Frp er inspirert av det som har skjedd i Sveits, og at dette ikkje er noko nytt frå partiet.

– Vi kjenner partiet sin politikk på dette området, men eg er usamd i at innvandringspolitikk skal vere gjenstand for folkerøysting, seier Bekkevold.

– Har tent på innvandring

Europa-minister Vidar Helgesen sa til NTB i går at resultatet av folkerøystinga i Sveits kan få store følgjer for sveitsisk økonomi og næringsliv.

– Sveits har slik som Noreg tent stort på arbeidsinnvandring frå EØS. det vil bli interessant å sjå kva konsekvensar resultatet vil få for Sveits sitt forhold til EU, sa han blant anna.

Både den sveitsiske regjeringa, store delar av næringslivet, turistsektoren og helsestellet har gått i mot å avgrense innvandringa, fordi dei meiner at innvandringa har vore eit positivt bidrag til den sveitsiske økonomien.

Rundt 1500 nordmenn bur og arbeider i Sveits i dag.

AKTUELT NÅ