Det er ein vanleg morgon på Kjønnøya i Averøy kommune, men for familien Godø, er dagen likevel litt annleis enn for folk flest. Dei har nemleg fått seg eit «kjæledyr» noko utanom det vanlege.
Oteren Ottar, som han blir kalla, har blitt fast inventar heime hos familien Godø. Det har han vore heilt sidan far i familien kom over den vesle krabaten i august.
– Han såg at Ottar låg på vegen, og var heilt aleine. Sju timar seinare låg han der framleis, seier Olve Godø.
Og sidan den dagen i august har dei tatt vare på den vesle oteren. Oteren har tydelegvis funne seg til rette på Kjønnøya, og er som regel å finne utanfor huset til familien Godø. Truleg har han mista mor si og vore avhengig av den hjelpa han har fått her for å overleve.
Saka held fram etter biletet.
OTTAR: Oteren Ottar trivst godt på Kjønnøya i Averøy kommune.
Foto: Roar HaltenGode vener
Denne dagen er det ein noko kamerasky Ottar som gøymer seg mellom steinane i fjøra. Matfar Olve prøvar å lokke fram oteren, fyrst med mjølk, deretter med litt fisk, før han igjen prøver med litt mjølk.
Det ser ut til å fungere. Sakte, men sikkert kjem den vesle oteren fram frå steinane. Med hjelp av ei tåteflaske matar Olve han med mjølk. Framleis treng Ottar den hjelpa han kan få.
Dei to har blitt gode vener i løpet av dei siste månadene.
– Når han er redd lagar han ein lyd, og når han er nøgd lagar han ein koselyd, fortel Olve.
Han og den nye leikekameraten trivst godt i kvarandre sitt selskap. Og Ottar skjønnar raskt kva som skal skje når Olve leitar fram fiskestonga og sett turen ned mot sjøen. Då følgjer oteren gledeleg etter.
– Han veit kor vi skal. No skal du få fisk, seier Olve.
Saka held fram etter biletet.
Olve Godø, Tobine Ramsøy Sakshaug og oteren Ottar kosar seg ved sjøen.
Foto: Roar Halten / NRKHåpar han blir
Nede ved sjøkanten er Olve i gong med fiskinga. Oteren følgjer spent med på det som skjer, han er forventningsfull. Og i det Olve sveivar inn ein fisk, er Ottar raskt på veg mot fisken.
– Nå må du vente litt, eg må få tatt den av kroken fyrst, seier Olve.
Og så kjem augneblinken som Ottar har venta på, endeleg får han smake på fisken. Det er fint å vere oter på Kjønnøya.
Framtida er uviss og Ottar er fri til å reise når han vil, men så langt vil han ikkje det, i alle fall ikkje enno. Olve håper han får eit langt liv saman med dei.
– Eg håpar han blir her for alltid, seier Olve.
– Trur du han kanskje får seg dame etter kvart?
– Ja, det trur eg. Men eg trur ikkje han kjem til å stikke av fordi om, seier Olve.
- Les også: