Hopp til innhold

Sjå kva den nyfanga torsken hadde i magen!

Bjørn Frilund (64) frå Rauma fekk seg ei kraftig overrasking då han spretta buken på den sprellferske torsken. No går historia verda rundt.

Torsk med dildo i magen
Foto: Anders A. Hagen / Åndalsnes avis

Frilund var på fjorden for å trekke garna sine sist måndag. Han fiska etter sild som han skulle bruke til agn.

Hobbyfiskaren frå Eidsbygda er vand til å få litt torsk i sildegarnet, men då han spretta ein av torskane, fekk han seg ei overrasking. Inne i magesekken, saman med eit par halvfordøydde sild, låg det ein dildo.

Utruleg historie

–Sjansen for å få ein slik fangst er vel jamgodt med sjansen for å få ein meteoritt i hovudet, flirer Frilund på telefonen frå Eidsbygda fredag ettermiddag. Etter at Åndalsnes avis publiserte historia har det tatt heilt av.

–Telefonen har ringt i eitt sidan i dag tidleg. Til og med internasjonale medier har teke kontakt, men fiskaren sjølv synest det berre er moro.

Mangla batteri

Frilund trudde naturleg nok knapt sine eigne auge og måtte sjå etter både ein og to gongar, fortel han til Åndalsnes avis. Dildoen var av vibrator-typen, men det var ingen batteri å finne i torskebuken.

Bjørn Frilund med uvanleg torskefangst

LATTERMILD FISKAR: Bjørn Frilund viser fram fangsten.

Foto: Anders A. hagen / Åndalsnes avis

Korleis dildoen kan ha hamna i magen på ein torsk er uråd å vite noko om, menr Frilund ytur at det kanskje kan vere ei frustrert frue som har kasta dildoen over bord frå hurtigruta. Fiskaren meiner i alle fall at torsken kjem nordfrå, frå Barentshavet.

Ikkje i glas og ramme

–Har du prøvd å filetere fangsten?
–He-he, nei det har eg ikkje, det hadde blitt litt av ein jobb, ler Frilund.

–Eg har ikkje tenkt å ha han i glas og ramme heller. Førebels er fangsten gøymd i ein mørk krok i kjellaren.

Forveksla med blekksprut?

Alle forklaringar er vel like gode som andre, men kanskje har den glupske torsken forveksla plastsaka med noko etande? Han funderer framleis, men Frilund meiner at forma og fargen på dildoen kan forvekslast med ein liten blekksprut, eller akkar, og dermed kunne stå fram som freistande der han kom "svømmande" ned gjennom vatnet.

Dildoen tok ganske stor plass i fiskebuken, men har ikkje gjort skade, seier fiskaren. – Torsken var feit, frisk og fin, og viste ingen teikn til å vere svekt.

Har ikkje blitt lurt

Bjørn Frilund er sikker på at han ikkje er blitt lurt. Fisken var sprell levande då han kom opp med garnet og Frilund måtte slå fisken i svime for å kunne få han laus. Også journalist i Åndalsnes avis, Anders A. Hagen, går god for historia. Han er sikker på at mannen snakkar sant.

Oppslaget i Åndalsnes avis vekkjer internasjonal oppsikt. Hagen har også blitt kontakta av både aviser og radiostasjonar frå store delar av verda etter at historia er blitt kjent.

Skal drage garn igjen i kveld

Då NRK snakka med Frilund fredag ettermiddag skulle han akkurat til å reise ut for å dra garna sine igjen.

–Dukkar det opp ein dildo til no, så trur eg at eg svimar av, ler Bjørn Frilund.