Hopp til innhold

Olsokmesse på Syltefjellet

Onsdagens Olsokmesse var den fyrste messa som har vore halde på klostertomta på Syltefjellet i Valldal, no trur bygdefolket på prosjektet.

Draumen om eit gresk-ortodoks kloster lever i Valldal. I dag hadde munkane for første gang olsok-messe på Syltefjellet der klosteret skal ligge.

Grunnsteinen til klosteret på Syltefjellet skal leggast ned 13. august, abbedisse Thavoria fortel at visjonen er at klosteret skal vere eit minnesmerke for Olav den Heilage.

Dei gresk-ortodokse nonnene går den bratte fjellvegen til si første messe på Syltefjellet i Valldal. I nesten 25 år har dei planlagt eit kloster på fjellet, høgt over fjorden. Dagens messe var ei viktig markering.

Første messe på Syltefjellet

Klosteret på Syltefjellet har vore under planlegging i snart 25 år. Onsdag var det klart for den første messa på klostertomta.

Foto: Frode Berg / NRK

– Det vi ønskjer at klosteret skal bli og visjonen vår for klosteret er at det skal vere eit minnesmerke for Olav den heilage, fortel abbedisse Thavoria, Irenaea Gillebo.

I fjellsida, høgt over fjorden, er merket etter sjøormen som Olav den heilage ifølge soga skal ha kasta inn i fjellveggen då han vart angripen på veg inn mot Sylte i året 1029.

– Olavsormen symboliserer at han sigra over dei vonde kreftene og at Noreg vart kristna, seier abbedisse Thavoria.

Gangveg

Klosteret blir planlagt av abbedisse Thavoria, som sjølv er frå Ørskog på Sunnmøre. Ho fortel at dei no har bygd ein gangveg til klostertomta.

Nonneprosesjon langs nybygd gangveg

Til olsokmessa onsdag var det laga gangveg til den vanskeleg tilgjengelege tomta.

Foto: Frode Berg / NRK

– Det som er veldig spesielt no i desse dagar er at vi no har fått bygd ein gangveg ned til tomta, som elles er vanskeleg tilgjengeleg. Det betyr at det ikkje berre er spreke fjellklatrarar som kan kome seg hit og besøke dette heilage berget.

Ei handfull menneske hadde møtt fram på klostertomta for å delta på den ortodokse messa onsdag morgon, og lokalbefolkninga er positive. Lokalhistorikar, Astor Furset, fortel at det no ser ut til bli eit kloster på Syltefjellet.

– Akkurat no begynner det å losne på fleire kantar, så då ser det ut til å bli eit kloster.

Gradvis bygging

Abbedisse Thavoria

Abbedisse Thavoria fortel at planen i første omgang er å bygge eit lite kapell, og at gresk-ortodokse kloster ofte blir bygd opp gradvis.

Foto: Frode Berg / NRK

Grunnsteinen til klosteret skal leggast ned 13. august, men foreløpig manglar finansieringa for byggeprosjektet. Abbedisse Thavoria fortel at dei i første omgang planlegg å bygge eit lite kapell.

– Det eg kjenner til frå klostera i Hellas, er at ein startar med noko og at bygginga går føre seg gradvis. Det er ikkje slik at ein planlegg heile klosteret først og så bygg alt samtidig.

Les også: Slik kan det nye sunnmørske klosteret bli

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL