Hopp til innhold

Ny sherpa-restaurering i Geiranger

Sherpaar i norske fjell har blitt vanleg om somrane. Med nepalske superkrefter flyttar ekstremsport-turguidane store steinar som blir til bratte fjellråser.

Sherpaer

Sherpaane, det tibetansktalande folket mest kjende som turguidar i Himalaya, har blitt eit normalt syn i norske fjell om somrane.

Foto: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

Sherpa-trapp

Slike steintrapper, i bratt terreng, bygger sherpaane betre enn nokon andre i verda.

Foto: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

– Grunna stor ferdsle og utvasking av den svært populære turvegen, skal råsa restaurerast og tilretteleggjast på ein naturleg måte, fortel Katrin Blomvik.

Direktøren i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv omtalar råsa og turvegen frå Vesterås gard til attraksjonen Storsæterfossen i Geiranger.

Dei bratte fjellsidene, akkompagnert av storslått natur, har vore turopplevingar for mange opp gjennom tida. No må dei fiksast på.

Saman med Fylkesmannen, verneområdestyret for Geiranger-Herdalen, Statens naturoppsyn og grunneigarane startar dei no oppussinga.

Og kven skal pusse opp? Jau, tibetansktalande turguidar, betre kjent for å lose ekstremsportturistar i Himalay og opp Mount Everest.

Rein handmakt

Det er Geir Vetti, og sherpaane hans frå Nepal, som fekk tilslag på anbodet.

– Avleiing av vatn, grøfting, steinsetting og revegetering er oppgåver som prosjektet skal løyse, opplyser Blomvik.

Arbeidet skjer i svært bratt terreng, høgt oppe i fjella.

Dei nepalske sherpaane blir rekna som dei absolutt flinkaste i verda til å byggje slike fjellstiar, og har arbeidd i mange norske fjellsider i Noreg.

– Delar av strekninga her ligg innanfor Geiranger – Herdalen landskapsvernområde.

– Av den grunn skal all tilrettelegging skje skånsamt gjennom bruk av handmakt, med lita grad av maskinbruk, seier Blomvik.

Arbeidarane er langt meir vane med å jobbe i tynnare luft, og har ekstremt senesterk muskulatur.

Sherpaer jobbar med Skålastien - flyttar steinar på opp mot eit tonn med handemakt

Her jobbar nepalske sherpaar med Skålastien i Sogn og Fjordane. Muskelkraft, sa du?

Foto: Anne Rudsengen

Startar måndag

Samarbeidspartnarane er svært fornøgde med at arbeidet no skal starte opp, opplyser Blomvik.

– Geir Vetti har signalisert at arbeidet vert starta opp førstkomande måndag. Vi gjer alle merksame på at all organisert ferdsle opp råsa må skje til minst mogleg hindring for arbeidet.

Råsa kan enkelte dagar vere sperra, og Blomvik håper alle i råsa vil ta omsyn og unngå å forstyrre sherpaane under arbeidet i Geiranger.

Sjå også TV-saka frå Åndalsnes, der sherpaar skal utbetre råsa opp mot Romsdalseggen:

Sherpaar restaurerer turvegar

Snart kan du gå tryggare og betre i råsa frå Åndalsnes og opp mot Romsdalseggen i Rauma. Det vil nok glede mange som har prøvd den flotte, men stadvis krevjande turen. Sherpaar frå Nepal er henta inn for å gjere jobben, men sjølv desse steinekspertane trur jobben blir vanskeleg.