Hopp til innhold

No skal bussjåførane sleppe tidspresset

Bussjåførane har vore under press for å nå ferjene, men skal no få litt betre tid. For FRAM Ekspress framskundar starttidspunkta for bussane.

Fram Ekspressbussen køyrer ombord i ferja

Framskunda start og mobilbillettering skal gjere det lettare for bussane å halde rutene.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Rett nok er dei, eller blir dei, framskunda med berre fem minutt. Frå Ørsta/Volda er tidlegare starttid for det som tidlegare var Timeekspressen allereie innført. Frå Ålesund blei det innført i går og frå Kristiansund frå 20.juni.

– Det er veldig krevande, og mykje tidspress når vi skal nå ferjer i begge retningar, fortel sjåfør og verneombod Vidar Sundsbø.

Vanskeleg å halde tidene

Han peikar til dømes på strekninga Ålesund - Molde, der auka trafikkmengd, auka billettering og trafikkale forhold generelt gjer det vanskeleg å halde tidene.

Verneombod Vidar Sundsbø

Verneombod Vidar Sundsbø seier sjåførane er under tidspress for å nå ferjene.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er ferjene som ikkje kan vente noko særleg på oss. Er ferja forsein frå Molde til Vestnes så greier ikkje vi å hente inn igjen dette.

Samferdselssjef Arild Fuglseth har analysert trafikkbildet, særleg i Ålesundsområdet, og forstår stresset.

– Biltrafikken aukar og bussane må stå i dei same køane. Difor har vi sett behovet for å framskunde starttidspunkte frå dei tre endepunkta, Kristiansund, Ålesund og Ørsta/Volda.

Fugleseth meiner fem små minutt kan vere til god hjelp, og sjåførane får litt ekstra tid på delstrekningane.

Moa er flaskehalsen

– Det blir betre frå Kristiansund og sørover mot Molde, og likeeins frå Ålesund sentrum til Moa. Men vi får framleis same stressfaktor frå Moa og til ferjekaia på Furnes, meiner verneombodet.

Samferdselssjef Arild Fuglseth

Samferdselssjef Arild Fuglseth trur endingane fører til mindre stress for bussjåførane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Han meiner at når det er mange passasjerar så er også billetteringa ein ekstra stressfaktor.. Mellom anna har dei mykje billettering til bussar dei har korrespondanse med til Skodje og Stordal.

– Det er Moa som forseinkar oss mest. Der har vi mest billettering og der må vi gjerne vente på korresponderande FRAM Ekspress-bussar frå Ørsta/Volda, seier Sundsbø.

Men billetteringa er i endring og kan ta mindre tid i framtida, trur samferdselssjefen. Mellom anna er det innført mobilbillettering, som på sikt kan frigjere sjåførane frå denne jobben.

– Vi håpar difor at billetteringa skal gå raskare, seier samferdselssjefen.

Dermed skal det bli litt lettare for sjåførane å halde rutene utan stress.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL