Hopp til innhold

Konservative prestar blir hetsa i sosiale medier

Etter at rapbandet Side Brok gjekk ut mot prestar som ikkje vil vie homofile, har kritikken mot prestar hagla på facebook. Biskop Ingeborg Midttømmer seier at enkelte er utsett for grov mobbing.

Ingeborg Midttømme

Ingeborg Midttømme seier det er uakseptabelt at prestar som ikkje vil vie homofile, skal bli mobba.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Denne veka opna kyrkjemøtet for at prestar kan vie homofile, men dei kan reservere seg. Torsdag kasta rapbandet Side Brok frå Ørsta seg inn i debatten. Dei skreiv i eit ironisk facebook-innlegg at dei også ville innføre reservasjonsrett og at homofobar og konservative kristne ikkje var velkommne på konsert. Utspelet kom etter at ein prest i Ørsta uttalte seg i lokalavisa Møre-Nytt om at han ikkje vil vie homofile. Innlegget fekk hundrevis av kommentarar.

Runar Gudnason

Runar Gudnason i Side Brok vil ikkje på alvor nekte nokon å kome på konsert. Han meiner at kyrkja bør vere ein inkluderande plass.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Mobbing i sosiale medier

Biskop Ingeborg Midttømme angrar på at ho ikkje har instruert prestane i Møre bispedøme om å la vere å uttale seg om sitt syn i media. Det at prestane har gått ut og flagga sine meiningar, har ført til ei stigmatisering, meiner ho.

– Vi har også opplevd grov karakteristikk og mobbing i sosiale medier av enkelte av prestane. For meg er det uakseptabelt, seier Midttømme.

Det var etter innlegget til Side Brok at kommentarane hagla inn.

– Det er ikkje lett å skjøne at dei brukar ironi på eit spørsmål som går så djupt for den det gjeld. Det er utilbørleg å karaterisere medmenneske ut frå haldningar på denne måten, seier biskopen. Ho er ikkje på facebook sjølv.

LES OGSÅ:

Har fått hatmeldingar

Sindre Stabell Kulø

Sindre Stabell Kulø har opplevd å få hatmelding på mobil, brev og telefonar.

Foto: Privat

Sokneprest i Frei, Sindre Stabell Kulø, har tidlegare opplevd å få hatmelding på mobilen. Han har også fått telefonar og brev. I fleire år har han kjempa for at homofile skal få vie seg i kyrkja. I denne runda har meldingane uteblitt, men han synest det er leitt at kollegaer no opplever det same.

– Det er beklageleg. Ein skal ikkje tolerere mobbing. Sakleg usemje kan tolererast, men det går ei grense når folk føler seg trakassert, seier Kulø.

Han meiner at det er redeleg at prestane gir til kjenne kva syn dei har, men han meiner at biskopen skulle ha vore betre budd på mediekøyret på den enkelte prest.

– Det skulle ha vore lage ein beredskapsplan i forkant, meiner Kulø.

Presten som innlegget til Side Brok var mynta på, ynskjer ikkje å kommentere saka, utover det Ingeborg Midttømme seier.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL