– Ja, eg hadde ikkje drege til nokre andre klubbar enn Molde i Noreg. Det var einaste alternativ, seier Gabrielsen til Molde si nettside.
Midtstopparen har spelt i Lillestrøm sidan 2008 saman med blant andre dei noverande Molde-spelarane Fredrik Gulbrandsen og Björn Bergmann Sigurdarson.
– Eg tenkte det var på tide med noko nytt, og eg fekk sjansen i Molde no.
- Les også:
Skullerud: – Éin av dei beste
Sjølv omtalar 22-åringen seg som ein rask og fysisk sterk midtstoppar, som samstundes er glad i ballen. Molde-trenar Tor Ole Skullerud fortel at det å signere Gabrielsen var eit enkelt val.
Molde-trenar Tor Ole Skullerud henta Gabrielsen som erstatning for Even Hovland.
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix– Då vi selde Even (Hovland) til tysk fotball, så selde vi éin av dei beste stopparane i Tippeligaen. Når vi hentar Ruben Gabrielsen til Molde så er det fordi han er éin av dei beste stopparane i Tippeligaen.
Skullerud omtalar Gabrielsen som ein ung, framadstormande ungdomslandslagsspelar.
– Ein spelar vi trur vi kan utvikle vidare slik som vi ønskjer i Molde. Han passar profilen vår. Han har fart, han har kraft og er ein veldig ergjerrig, ung fotballspelar som har lyst til å bli betre, seier Skullerud.
Har ambisjonar
Trenaren seier spelaren kjem til klubben for å utvikle seg vidare. Det stadfestar Gabrielsen.
– Det fleste kjem til Molde fordi dei har lyst vidare, det er eit bra springbrett. Her er mange gode spelarar som kan gjere meg betre, difor kjem eg hit, seier han.
Han synest derimot det er litt trist å forlate eit Lillestrøm som slit økonomisk.
– Men samstundes får dei pengar for meg, så eg hjelper klubbe også.
No er Gabrielsen gira på å herje på tre plattformer.
– Eg har lyst til å ta seriegull, cupgull og har lyst til å gjere det veldig bra i Europa, fortel 22-åringen.
- Les også: