Hopp til innhold

Bøndene støttar pelsdyrnæringa

Nærmare 7 av 10 norske bønder er imot eit forbod mot pelsdyroppdrett i Noreg. Det viser ei undersøking frå Norsk senter for bygdeforskning.

Pelsdyr

Norsk pelsdyroppdrett har blitt debattert i det vide og det breie dei siste åra. Her ser ein tre kvite mink.

Foto: NRK

Egil Petter Stræte

Egil Petter Stræte er ikkje overraska over støtta til pelsdyroppdrett frå norske bønder.

Foto: Morten Karlsen / NRK

– Det tyder på at bønder ikkje oppfattar at det er ein prinsipiell skilnad mellom pels og anna husdyrhald.

– Men det betyr ikkje at 70 prosent aksepterer dyremishandling, seier Egil Petter Stræte, direktør ved Bygdeforskning til Nationen.

68 prosent av norske bønder er imot eit forbod mot pelsoppdrett i Noreg.

49 prosent seier dei er svært usamde i at pelsdyroppdrett bør blir forbode.

Berre 16 prosent av bøndene ønskjer eit forbod.

– Nokre er nok prinsipielle motstandarar. Andre er mot på grunn av at næringa er ulik dyrehald til matproduksjon, medan mange sikkert er redde for omdømmet til norsk landbruk, meiner Stræte.

Knut Berg

Knut Berg i Norges Pelsdyralslag er glad for den store oppslutninga blant norske bønder.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Glad for den store oppslutnaden

I Norges Pelsdyralslag blir tala og undersøkinga teken imot med opne armar.

– Eg er veldig glad for den store oppslutnaden for pelsdyrhald mellom norske bønder, seier Knut Berg, dagleg leiar i Norges Pelsdyralslag.

– Eg skulle helst sett at vi fekk støtte frå 100 prosent, men ein ser at det er motstand mot pels i alle grupper av befolkninga.

Berg er klar på at pelsdyrhald er eit dyrehald på lik linje med andre husdyr.

Saka held fram under bildet.

Skadet mink på norsk pelsdyrfarm

Bilde av skadde pelsdyr på norske pelsdyrfarmar har skapt harme blant dyrevernarar.

Foto: Dyrebeskyttelsen og Nettverk for dyrs frihet

Angrep på heile landbruket?

Stræte ved Bygdeforskning fortel at undersøkinga og svara er representative for alle typar bønder.

– Det er ikkje stor skilnad på svara frå husdyrprodusentar og planteprodusentar. Støtta er noko større blant husdyrbøndene, fortel han.

– Ei forklaring på den sterke støtta kan vere at bønder oppfattar angrep på pelsdyrnæringa som eit angrep på heile landbruket, seier Stræte til Nationen.

Ei undersøking utført av NRK i fjor haust synte at 47 prosent av den norske befolkninga vil forby pelsdyrnæringa i Noreg.

Berg i Norges Pelsdyralslag trur årsaka til at bøndene er meir positive enn resten av befolkninga botnar i kunnskap.

– Bønder veit veldig godt kva dyrehald er og at skader kan skje i husdyrproduksjon. Pelsdyrnæringa er ein viktig del av landbruket.

(NRK/NTB)