Hopp til innhold

PFU granskar likevel Tora-saka

PFU vil likevel ta stilling til om «Se og Hør» braut god presseskikk då dei skal ha betalt Tora Uppstrøm Berg for å fortelje om affæren med kjærasten til prinsesse Madeleine.

Tora Uppstrøm Berg

PFU skal vurdere om Se og Hør braut presseetiske reglar i saka der Tora Uppstrøm Berg fortalde om affæren med Jonas Bergström.

Foto: Ned Alley / SCANPIX

Etikk-ekspertane Gunnar Bodahl-Johansen og Carl Erik Grimstad klaga Se og Hør for å ha drive betalings-journalistikk . Pressas faglege utval (PFU) avviste først klagen , men no er saka likevel under handsaming.

– Vi har sett i gang ei ordinær klagehandsaming, etter at vi har motteke eit samtykke, seier organisasjonssekretær Kjell Nyhus i Norsk Presseforbund.

Avsløring i Se og Hør

Han stadfestar at dei no jobbar med saka der Se og Hør avslørte at svenske Jonas Bergstrøm, som var trulova med prinsesse Madeleine, hadde hatt ein affære med den norske jenta Tora Uppstrøm Berg.

24. april i år kom meldinga om at det svenske paret hadde brote trulovinga , og at bryllaupet var avlyst. Same dag kom det og fram at Tora Uppstrøm Berg hadde motteke 12500 kroner frå Se og Hør for å fortelje om sitt møte med kjærasten til prinsesse Madeleine i 2009.

Prinsesse Madeleine og Jonas Bergström

Prinsesse Madeleine og Jonas Bergström trulova seg i august 2009. 24. april 2010 kom meldinga om at forholdet var over.

Foto: FREDRIK SANDBERG / AFP

PFU snur

Etter at dette kom fram leverte etikk-ekspertane Carl Erik Grimstad og Gunnar Bodahl-Johansen, ein klage til pressa sitt faglege utval, men fekk avslag. No har PFU derimot snudd.

– PFU har i eitt tidlegare møte handsama spørsmålet om denne saka, utan samtykke og det ønskte vi ikkje. Vi bad klagaren hente inn samtykke, og det har dei no gjort, seier Nyhus.

I utgangspunktet kan alle klage til PFU. Men ifølgje presseforbundet er hovudregelen at ein skal hente inn skriftleg samtykke dersom «klagar ikkje er identisk med den eller dei saka gjeld».

Gunnar Bodahl Johansen ved Institutt for Journalistikk

Gunnar Bodahl Johansen ved Institutt for Journalistikk.

Foto: Lotte Olsen/NRK

Bodahl-Johansen seier dei ikkje har diskutert saka med direkte med Tora Uppstrøm Berg, men at dei har henta inn samtykket dei trengde via e-post.

– Krav som lesar

Gunnar Bodahl-Johansen meiner han som lesar har krav på å vite om Se og Hør betalte Tora Uppstrøm Berg.

– Det var kanskje ei litt spenstig tolking frå vår side. Vi meinte at vi som publikum hadde rett til å vite om ein som uttaler seg i media er betalt av dei same media for å uttale seg, seier Gunnar Bodahl-Johansen.

Vil ha prinsipiell diskusjon

Han meiner Ver varsam-plakaten har vorte meir liberal, og vil no ha ei klarare avgrensing av betalingsjournalistikken. Før Håvard Melnæs si bok om betalingsjournalistikken i Se og Hør skapte debatt i 2007, stod det ingenting i Ver varsam-plakaten om betalingsjournalistikk.

– Vi ventar at PFU no diskuterer kva som er akseptabel betalingsjournalistikk.

Bodahl-Johansen meiner Norsk Presseforbund burde ha sagt konsekvent nei til betalingsjournalistikk.

– Eg har heile tida meint at betalingsjournalistikk ikkje skulle førekome, av omsyn til truverdet og fridomen til pressa. Eg trur det er ei uheldig utvikling. Samstundes ser eg at realitetane talte for at ein skulle få det som eit unntak, men då er det viktig å vite kvar unntaket går.

Det har førebels ikkje lukkast Kulturnytt å få ein kommentar fra Se & Hør eller Tora Uppstrøm Berg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB
  • EBU utsetter avgjørelse om Israels deltakelse Eurovision

    Den europeiske kringkastingsunion (EBU) utsetter avgjørelsen om Israels deltakelse i Eurovision Song Contest 2026 til den ordinære generalforsamlingen i vinter, opplyser styret i en pressemelding.

    I september ble det kjent at EBU skulle kalle inn medlemskringkasterne til en ekstraordinær generalforsamling i november, for å stemme over Israels deltakelse.

    – I lys av de siste hendelsene i Midtøsten, er styret enige om at det er et klart behov for å arrangere en åpen og fysisk diskusjon blant medlemmene om deltakelse i Eurovision Song Contest 2026. Derfor har styret besluttet å sette saken på agendaen for den ordinære generalforsamlingen i desember, heller enn å organisere et ekstraordinært møte, skriver styret i en pressemelding.

    NRKs innholdsredaktør, Charlo Halvorsen, tror ikke EBU prøver å kjøpe seg tid.

    – NRK har ikke landet på beslutning, vi er reelt i tenkeboksen. Og dette i likhet med fredsinitiativet gir jo nye momenter til den vurderingen hele tiden. Det er en ekstrem vanskelig og kompleks situasjon vi er oppi, sier han.