Hopp til innhold

Original og smart liten sak

Debutant Frøydis Sollid Simonsen har blikk for dei ekstremt store og dei uhyre små samanhengane, for ikkje å snakke om det til tider rotete livet midt mellom.

Frøydis Simonsen

Frøydis Simonsen har skrive boka «Hver morgen kryper jeg opp fra havet».

Foto: Nedim Husic

Dette er ein roman på 80 sider med mykje luft på sidene. Trass det i romansamanheng spinkle formatet, står forfattaren i gjeld til ei rekkje personar, som Charles Darwin, Tor Ulven, Britney Spears og farmor, for berre å nemne eit lite knippe frå lista som utgjer dei to siste sidene i boka. Bibelen kunne også gjerne på denne lista, ettersom fleire setningar er tydelege bibelparafrasar. Dermed har eg sagt at Sollid byggjer opp eit veldig univers som skil seg frå det typiske debutantuniverset som gjerne er prega av nære relasjonar; familie, samliv, samlivsbrot.

Amøbeliv

Ikkje for det, vi har ein nervøs romanse her også. Forteljaren får seg, etter ei viss nøling, ein kjærast, men forholdet går i oppløysing att etter få sider. Og mange episodar er kvardagslege nok, som å ete lunsj med mor si, drikke for mykje kaffi, eller å grue seg til eksamen.

Men forfattaren let det tilforlatelege og gjenkjennelege livet stå midt i det enorme spennet mellom verdsrommet på den eine sida og den minste mikrobe på den andre, og ho bevegar seg smidig mellom galakser og kaffikoppar og saksedyr. Sjølv stig ho til dømes opp av havet kvar morgon, der ho startar som amøbe og går lynraskt gjennom mange utviklingsstadier før ho blir ein fullt utvikla menneske med alle sansar i løpet av nokon minutt.

Bakterier og kakerlakkar

Boka byr på snedig kuriosa som at kontinenta flyttar seg om lag like raskt som fingerneglar gror, eller at pinnedyret driv med sjølvkloning og har demed ikkje hatt sex på fleire millionar år, det siste brukt som sjølvtrøyst. Men det som gjer susen, er at forteljaren ser seg sjølv som del av det store og det vesle universet, og at ho studerer korleis vi legg menneskelege trekk inn i ei verd som lever uavhengig av oss. Som når ein på alle måtar fredeleg bakterie får det aggressive tilnamnet "Conan the Bacterium" rett og slett fordi den kjem til å overleve oss alle, inkludert kakerlakkane når livet på jorda blir sløkt ut på den eine eller andre måten.

Midt i det heile ligg altså det individuelle menneskelivet med kjensler, frustrasjonar, tvil og rot av ymse slag. Ein kan vere så mykje i slekt med universet som ein vil, men det finst eit subjektivt element som skil oss ut og gjer oss til oss sjølve. Boka forfell aldri til banal dyrking av naturvitskapen.

Gjer samtidslitteraturen større

Sollid er mindre imponerande når ho prøver seg på språklege spel, som at den som går ut av sitt gode skinn må sitje att med det dårlege skinnet, det blir litt blødmeaktig, men slikt er det så lite av at det på ingen måte rokkar ved hovudinntrykket som er at denne vesle, originale, humoristiske, såre og djupt alvorlege romanen er med på å gjere samtidslitteraturen større og meir variert.

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka