Hopp til innhold

Ti år sidan første homoekteskap

Det var første gong to bruder gifta seg med kvarandre. Helene Faasen og Anne-Marie Thus gjekk ned kyrkjegolvet og inn i historia som det første lovlege vigde lesbiske ekteparet.

Det første homofile ekteparet

Helene Faasen og Anne-Marie Thus ventar på å bli vigde som det første lesbiske ekteparet nokon sinne. Ved sidan av eit par brudgommar som gifta seg den same dagen, 1. april 2001 i Amsterdam.

Foto: MARCEL ANTONISSE / Afp

Helene Faasen

Helene Faasen heime med hunden sin, i huset ho deler med kona Anne-Marie Thus og dei to barna deira.

Foto: ANOEK DE GROOT / Afp

Det er ti år sidan i dag, 1. april. Det hollandske paret seier dei gifta seg av kjærleik, ikkje av politiske grunnar.

– Men vi var sjølvsagt klare over at det var ein historisk augneblink, seier Anne- Marie Thus, 41 år, i eit intervju med nyheitsbyrået AFP.

I 2001 var Nederland det første landet som legaliserte ekteskap mellom folk av same kjønn. Det gjorde det mogleg for Thus og kona Helene Faasen å gå nedover kyrkjegolvet i Amsterdam 1. april det året.

Har to barn

Kledd i kvite, tradisjonelle brudekjolar gifta dei seg samtidig med tre par brudgommar, framfor dåverande borgarmeister Job Cohen.

– Ved å gifte oss framfor verdspressa ville vi få folk til å tenkje på kor forferdeleg det er å bli nekta noko som er ein naturleg rett for andre, seier 44 år gamle Helene Faasen.

Paret møtte kvarandre på blinddate i 1998. I dag har dei to barn, Nathan, ti år, og Myrthle, ni år. Thus vart befrukta av anonyme spermdonorar og fødde barna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nathan og Myrthle

Det lesbiske ekteparet har to barn, Nathan på ti år og Myrthle på ni år.

Foto: ANOEK DE GROOT / Afp

15.000 lesbiske og homofile har gifta seg

Ifølgje Faasen er det heilt normalt for barna å ha to mødrer.

– Dei aksepterer dette som eitt av fleire alternativ som eksisterer. Det einaste sonen vår har hatt å utsette på det, er at han må gjere dobbelt så mykje arbeid på morsdagen, seier Faasen til AFP.

Sidan giftarmålet deira i 2001 har 15.000 homofile og lesbiske par gifta seg i Nederland. Det utgjer cirka to prosent av alle ekteskap i landet.

254 par av same kjønn gifta seg i Noreg

Etter at det vart lovleg med lesbiske og homofile ekteskap i Nederland følgde Belgia, Spania, Canada og Sør-Afrika etter, før det vart Noreg sin tur. I byrjinga av 2009 vart den norske ekteskapslova endra, og homofile par kunne gifte seg og adoptere barn. Lesbiske par fekk også lov til å bli kunstig befrukta.

I fjor gifta 264 par av same kjønn seg i Noreg, ifølgje Statistisk Sentralbyrå. Det er cirka éin prosent av alle som gifta seg. Av desse var 97 par menn, medan 167 var kvinnelege.

Berre 68 par, mot 658 par i 2009, gjorde om partnerskapet sitt til ekteskap i det andre året med ny ekteskapslov.

(Artikkelen held fram under biletet)

Det første homofile ekteparet

Helene Faasen og Anne-Marie Thus jobbar som notarar på dette kontoret. Dei kjempar for at andre homofile i verda skal få same rettar som dei.

Foto: ANOEK DE GROOT / Afp

Straffbart i mange land

Men ekteskap mellom homofile er framleis ulovleg i mange land, og sex mellom homofile er forbode og straffbart somme plassar. I Iran er det dødsstraff for dette.

– Om du er homofil, så bryr heile verda seg om privatlivet ditt, sjølv om du ikkje er interessert i noko sært eller skremmande. Det er fordomsfullt, seier Helene Faasen.

Det første lesbiske ekteparet vil markere tiårsjubileet 1. april ved å vere med på ei offentleg fotoutstilling i Amsterdam.

– Vi var heldige at andre hadde tatt opp kampen før oss og gjort det mogleg for oss å gifte oss. Dersom andre folk treng oss no, spesielt i land der det enno ikkje er lovleg å vere homofil, vil vi gjerne vere der for dei, seier Thus.

Førre veke skreiv 85 land under på eit FN-dokument som krev at homofili blir avkriminalisert. Aktivistar som kjempar for homofile sine rettar har dermed fått eit nytt instrument å bruke i kampen sin.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)