Sylfest Lomheim gjekk av som direktør for Språkrådet 1. september. Styret i Språkrådet har innstilt retorikkprofessor Kjell Lars Berge til stillinga.
Kulturminister Anniken Huitfeldt ville ikkje kommentere saka i går.
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIXEtter eit nøte mellom Kulturdepartementet og Språkrådet i går, skal styreleiar Magni Øvrebotten ha trekt seg på grunn av usemje om tilsetjinga,
.Har kritisert kulturministeren
Det er Kulturdepartementet som skal utnemne ein ny språkdirektør. Prosessen med å finne ein
har trekt ut i tid. Lomheim skulle eigentleg ha gått av ved nyttår 2010, men fekk åremålet forlenga to gonger medan ein jobba med å finne ein ny direktør. Inntil ein ny direktør er tilsett, fungerer Sigfrid Tvitekkja som direktør.Retorikkprofessor Kjell Lars Berge er ein av fem som har søkt jobben, og skal altså vere den søkjaren styret i Språkrådet har innstilt til stillinga.
Berge kritiserte i mars kulturminister Anniken Huitfeldt i samband debatten omkring framtida til Store norske leksikon. Han meinte då at ho hadde eit utydeleg kunnskapsomgrep.
Retorikkprofessor Kjell Lars Berge er innstilt som ny direktør.
Foto: UiOfor kulturminister Huitfeldt å tilsetje Kjell Lars Berge.
Ventar på svar
Trass i at prosessen har trekt ut i tid, seier Kjell Lars Berge seier at han framleis gjerne vil ha jobben.
– Eg synest det er oppsiktsvekkjande at ho behandlar arbeidet til Språkrådet på denne måten. Eg lurer på kva som er hennar politiske grunngjeving for at dette tek så lang tid, seier Berge til Dagbladet.
Det har enno ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Magni Øvrebotten eller kulturminister Anniken Huitfeldt i saka.