Hopp til innhold

Farvel, herr språkdirektør

Sylfest Lomheim treng briller for å skilje sau frå kalv. Men så ville heller ikkje bondesonen bli gardbrukar. Han skulle bli flygar.

Språkrådets Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim si tid som direktør i Språkrådet er omme. Men han lovar å gi lyd frå seg òg i åra som kjem.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Sylfest Lomheim med hestane på Hafslo.

På 50-talet ville Sylfest heller lese bøker enn å jobbe på garden.

Foto: Privat

- Som liten gut ville eg i alle fall ikkje bli språkmann, seier mannen som dei 7 siste åra har hatt ansvar for det norske språket.

Om få veker forlet Sylfest Lomheim direktørstillinga i Språkrådet. Skal tru kva den nærsynte gutungen på Hafslo hadde sagt om han møtte seg sjølv i dag?

Namnet Sylfest blei i alle fall ei større lukke enn gutungen frykta.

- Då eg var liten tykte eg han far kunne ha funne eit anna namn på S, som Svein eller Steinar, seier sogningen.

- Men då eg kom til Oslo som student skjøna eg at namnet er gull verdt. Det blir nemleg lagt merke til!

Namnet ga han NRK-jobb

Det kan ha vore namnet som sikra han jobb som programstipendiat i NRK på slutten av 60-talet.

Av over 200 søkjarar var Sylfest ein av 6 søkjarar som blei plukka ut, og han fortel her om ei forklaring han fekk nokre år seinare:

- Ei av dei som sorterte søknadene fortalte at ho reagerte slik då ho såg mitt brev: «Her er det en som heter Sylfest Lomheim. Han må vi ha!»

Sylfest Strutle

Harald Heide-Steen jr. sette sitt eige merke på nynorsken med karakteren Sylfest Strutle.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Kva med Sylfest Strutle? Henta Harald Heide-Steen jr. inspirasjon til den sprudlande nynorsk-karakteren frå unge Lomheim, den fyrste nynorskbrukaren i TV-Sporten?

- Det siste året Heide-Steen levde fekk eg spurt han om nettopp dette. Då lo han og sa nei, men me var begge unge på 70-talet, me jobba begge i NRK, så eg har likevel mine mistankar. Uansett tykte eg det var triveleg, seier Sylfest Lomheim.

Søndag 25. juli er Sylfest Lomheim sommargjest i Språkteigen på P2. Der har han i 20 år svart på lyttarspørsmål om språk, men denne gongen skal han svare på spørsmål om seg sjølv.

Går aldri på gangen

Sylfest Lomheim, VG, 05.03.1987

Sylfest Lomheim var emne for mange lesarinnlegg i tida som språkkonsulent i NRK.

Foto: Faksimile, VG, 05.03.1987

Lyttar Hogne Neteland spør om Sylfest Lomheim er ein målmann?

- Ja, absolutt! Det kjem eg til å vere til eg trekkjer mitt siste, rasjonelle, reflekterte pust. Nynorsk er mitt språk. Eg er både romsleg og tolerant, men eg tåler dårleg intoleranse overfor nynorskens plass og rom i samfunnet.

- Men korleis sjonglerer du rolla som målmann med rolla som direktør for både bokmål og nynorsk?

- Det går veldig bra. Eg er nemleg ingen motstandar av bokmål. Finn-Erik Vinje sa ein gong at eg ikkje burde vere så tydeleg nynorskmann fordi språkdirektøren bør vere nøytral. Det er ei mistolking av rolla som språkdirektør, svarar Sylfest Lomheim.

- Så det finst ingen saker i Språkrådet der du må gå på gangen?

-Nei. Språkdirektøren er ikkje ein dommar i ein kamp mellom nynorsk og bokmål. Han er ein trenar for både bokmål og nynorsk, og han skal jobbe for at begge lag spelar best mogleg.

Tek professorhatten på

Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim anno 1962.

Foto: Privat

Mange lyttarar lurer på kva Sylfest Lomheim skal sysle med no? Skal 65-åringen pensjonere seg?

- Absolutt ikkje! Eg vonar eg har mange yrkesår framom meg, og no skal eg attende til professorstillinga mi ved Universitetet i Agder. Dessutan kjem eg til å skrive både om språk og om det som opptek meg i tida framover.

- Så du forsvinn ikkje?

- Nei!

Språkteigen høyrer du på P2 kvar søndag klokka 9.30.

Du finn oss òg på Twitter og på Facebook .

Vil høyre heile intervjuet med Sylfest Lomheim? Du finn det her:

Høyr Språkteigen 25. juli 2010.