20.05.2013

Får aldri sett Heksemonumentet

Obit Bourgeois (Foto: Guggenheim Museum/Ap)

Bilethoggar Louise Bourgeois i samband med ei utstilling i Guggenheim-museet i 1990.

Foto: Guggenheim Museum/Ap

Den verdskjende bilethoggaren Lousie Bourgeois døydde i går. No får ho aldri sett det nasjonale Heksemonumentet ferdigstilt.

Den fransk-amerikanske bilethoggaren Lousie Bourgeois døydde måndag av eit hjarteinfarkt, 98 år gammal.

– Då eg snakka med medhjelparen hennar for litt sidan var ho sikker på at Louise Bourgeois ville passere 100 år. Trass at ho var gammal, var meldinga om hennar død difor litt uventa, seier Svein Rønning, kunstnar og kurator for Nasjonal turistveg-prosjektet.

Louise Bourgeois vart fødd i Frankrike, men flytta i 1938 til USA. I 1960 åra var ho ein av dei leiande kunstnarane i oppgjeret med den abstrakte kunsten i modernismen. Det store internasjonale gjennombrotet kom i 1980-åra.

Ho er mellom anna kjend for ein serie med gigantiske edderkoppar, laga i stål, marmor og bronse. Den enorme edderkopp-skulpturen med tittelen Maman var del av opningsutstillinga Maman, I Do, I Undo, I Redo i det nye Tate Modern-museet i London i 2000.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Louise Bourgeois (Foto: NATHAN STRANGE/Ap)

Edderkoppen Maman utanfor Tate Modern i London.

Foto: NATHAN STRANGE/Ap

Ingen konsekvensar for Heksemonumentet

Louise Borgeouis står også bak det planlagde Heksemonumentet i Vardø, som ho har laga saman med den sveitsiske arkitekten Peter Zumtohr. Dette skal verte eit nasjonalmonument til minne om alle trolldomsdømde i Noreg.

Heksemonumentet (Foto: Harry Johansen/NRK)

Bygginga av Heksemonumentet vart påbyrja i vinter.

Foto: Harry Johansen/NRK

Skulpturen skulle eigentleg ha vore avdekt i november i fjor, men ligg framleis nedpakka i kasser på grunn av pengemangel. Dermed får Bourgeois sjølv aldri sett kunstverket ferdig.

– Det var sjølvsagt ein trist beskjed å få, men dette kjem ikkje til å påverke prosjektet i Vardø. Alt er i gjenge, seier Svein Rønning, kunstnar og kurator for kunstprosjekta i tilknyting til Nasjonal turistveg-prosjektet til Statens Vegvesen.

Bourgeois sjølv har ikkje forlate huset sitt i New York dei siste åra, og Rønning er trygg på at medhjelparane hennar kjem til å følgje opp prosjektet, for å få det fullført.

Monumentet skal setjast opp i tilknyting til Nasjonal turistveg-prosjektet i Varanger, men fordi kostnadene har auka frå 16 millionar til 30 millionar er kunstverket av framleis ikkje oppført.

– Dette er et kjempeviktig prosjekt som vil setje byen Vardø på det internasjonale kunstkartet, og garantert trekkje til seg ei mengde tilreisande, uttalte prosjektleiar for Nasjonal turistveg Varanger, Hjalmar Steinnes til NRK då pengemangelen vart kjent.

Sterkt engasjert

Heksemonument (Foto: Nasjonal Turistveg)

Heksemonumentet i Vardø, slik det skal sjå ut når det er ferdig.

Foto: Nasjonal Turistveg

Svein Rønning fortel at Lousie Bourgeois vart levande oppteken av monumentet i Vardø, truleg fordi det tek om tema som ho ofte tok opp i kunsten sin, nemleg overgrep og traumar, men også livsglede og kjærleik.

– Ho var veldig engasjert i prosjektet med Heksemonumentet. Ho sa med ein gong at dette skal eg gjere gratis, ho ville ikkje ha noko honorar, fortel Svein Rønning.

– Ho var ein fantastisk person, med ei utruleg utstråling, heilt glasklar i hovudet og med sprell levande auge. Ho var utruleg vital heilt til det siste, eg såg hennar siste verk i februar, ho var heilt fenomenal.

Sjølve bygginga av Heksemonumentet i Vardø vil verte gjort ferdig i løpet av hausten 2010, medan gasselementa som skal lage ein flammeeffekt først vil verte lagt inn til neste år.

Ein dato for offisiell opning kan ikkje Rønning gje, men seier at det vil stå klart i løpet av første halvår 2011. Dermed vert Heksemonumentet i Vardø det siste av Louise Bourgeois sine store kunstverk.

Delta i diskusjonen på nrk.no

Legg gjerne igjen ein kommentar til artikkelen!

Vi oppmodar deg til å:

  • Vise respekt for andre, også dei som er ueinige med deg.
  • Diskutere i ein vennleg tone.
  • Skrive kort.

Du kan berre kommentere i nokre dagar etter at artikkelen er publisert. Redaksjonen kan fjerne upassande innhald.



Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Bangladesh (Foto: Scanpix)

Helly Hansen er det første norske merket som forplikter seg til den femårige Accord-avtalen. Avtalen skal hindre katastrofer som da Rana Plaza kollapset i Bangladesh i april, og over 1000 mennesker mistet livet.

Foto: Scanpix

Helly Hansen gjør som H&M - skriver under på historisk avtale

Helly Hansen er det første norske klesmerket som skriver under på den forpliktende avtalen for brannvern og sikre tekstilfabrikker i Bangladesh.

Damien Hirst (Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos)

KUNSTNAR: Det er usikkert om Damien Hirst sjølv kjem til Flø, men dette blir andre gang han har utstilling i den vesle bygda på Møre-kysten.

Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos

Damien Hirst blir festivalkunstnar på Flø

Kunstnaren Damien Hirst blir festivalkunstnar under kunstivalen Go With the Flø på Flø i Ulstein i slutten av juni.

Siste musikksaker

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i New York i 2009 (Foto: Evan Agostini/AP)

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i Madison Square Garden i New York, 2009.

Foto: Evan Agostini/AP

Woodstock-veteranen Richie Havens er død

Den amerikanske folkmusikeren og gitaristen Richie Havens døde mandag, opplyser Havens manager.

Miles Davis  (Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons)

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Siste underholdningssaker

True Blood Sesong 4 (Foto: HBO)

Velger Sookie Eric eller Bill? Eller går hun i stedet for den snille bareieren og hamskifteren Sam? fasiten står i siste bok, til flere leseres enorme fortvilelse.

Foto: HBO

Drapstrues av misfornøyde lesere

I aller siste bok velger Sookie Stackhouse endelig én av sine tre beilere. Det har fått misforsnøyde lesere til å drapstrue forfatteren og returnere ferdigleste utgaver.

Sindre Østgård er nettsjef i NRK. (NRK)

Uansett om du har Iphone, nettbrett, eller PC skal du få glede av NRKs nye nett-TV. Det mener juryen Nordiske Mediedager setter standarden for hvordan tv-avspillinger på nett skal fungere. Her er NRKs nettsjef Sindre Østgård med nettspilleren i bakgrunnen.

NRK

Pris til NRKs nye nettspiller

NRKs nye nettspiller vant prisen for «Årets digitale innovasjon» under prisutdelingen på Nordiske Mediedager i Bergen.