Hopp til innhold

– Dette er ein understimulert hund

Hundetrenar Rune Fjellanger reagerer etter å ha sett videoen av hunden som beit tre born. – Tydelege teikn på for dårleg sosialisering over tid, seier han.

Her går hunden til angrep

SJÅ VIDEO: Her bit hunden Erik (12).

Nesten uansett kva trening ein hund som bit menneske får, vil ein ikkje kunne endre hundens oppførsel. Det er for seint.

Rune Fjellanger

Det var i går kveld at fire personar som vart bitne av ein border collie på Laksevåg i Bergen. Ein syklist kom frå hundebitinga utan synlege skadar, medan tre born på 9, 12 og 13 år måtte på legevakta.

Episoden og videoen av hendinga har vakt stor oppsikt og har blitt delt og kommentert i stor stil på sosiale medier.

Dagleg leiar ved Fjellanger hundeskole, Rune Fjellanger, har også sett videoen. Han meiner hunden ikkje kan klandrast, og at for hundar med for dårleg trening er biting siste utveg.

Leitar etter måtar å jakte på

Rune Fjellanger
Foto: Privat

Episoden der hunden gjekk til angrep vart filma av ein som var til stades. Fjellanger seier at noko av oppførselen ein kan sjå i filmen, der hunden mellom anna spring etter ein mann på sykkel, er typisk oppførsel for rasen.

– Border collie er ein gjetarrase. Når dei ser ting som er i beveging vil dei prøve å stogga det. Det kan vera ein mann på sykkel eller born på rullebrett. Med ein gong det som er i beveging stoggar, stoggar i utgangspunktet hunden òg.

Men at hunden angrip og byrjar å bite er eit klart fareteikn, ifølgje Fjellanger.

Hunden kan faktisk ikkje klandrast for denne oppførselen. For hunden er faktisk dette siste utveg.

Rune Fjellanger

– Når denne typar hundar ikkje blir stimulert og får nok trening vil dei finna andre måtar å jakta på. Det er dette me ser i videoen, hevdar han.

Politiet tok med seg hunden etter at dei tre borna kontakta politiet etter hendinga tysdag. Ifølgje Leif Havre ved Hordaland politidistrikt er saka er førebels under etterforsking.

– Det er for tidleg å seie noko om kva som skjer vidare. Me må først snakka med hundeeigar for å avklare kva som har skjedd. Så vi me kome til ein konklusjon etter det, fortel Havre.

– Biting er siste utveg

Hundebitt

VART BITEN: Tre born vart sendt til legevakt etter å ha blitt angripne av ein border collie på Laksevåg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Fjellanger arbeider med trening av kvalpar, og lærer hundar å utvikle bitehemningar i tidleg alder.

– Hunden kan faktisk ikkje klandrast for denne oppførselen. For hunden er faktisk dette siste utveg. Hundar som går til angrep manglar sosial trening. Det skuldast dårleg trening frå eigaren.

Han fortel vidare at det er difor hunderasen Pit Bull terrier ikkje er lovleg i Noreg.

– Alle hunderasar i Noreg skal ha bitehemning. Bit bul terrier er ein kamphund som blir trena til det motsette, nemleg å avle skremmande oppførsel.

For seint å endra hundens oppførsel

Fjellanger seier det ikkje nyttar å gjere noko for å endra oppførselen til hundar som ikkje lenger har bitehemning.

– Når hunden er blitt vaksen er det nesten umogleg. Når ein hund bit menneske er det ekstremt vanskeleg å gjere noko med det. Nesten uansett kva trening denne hunden får, vil ein ikkje kunne snu oppførselen.

– For ein hund som kan aldri vera sikker på at den ikkje vil bita igjen, for når ein hund først har byrja å bite menneske har det skjedd ein slags feilkopling i hjernen.

Fjellanger meiner det ikkje er tvil om at hunden i videoen, og hundar som bit menneske må avlivast.

– Hundeloven er heilt klar på dette. Dersom ein hund har biten uprovosert meir enn éin gong er hundeloven heilt klar på at hunden skal avlivast.