Hopp til innhold
Kommentar

Vågås sterke mann

I 17 år har Rune Øygard vore totalt dominerande i vesle Vågå. Korleis klarte han det, og klarer bygda seg no utan han, spør Inger Johanne Solli.

Rune Øygard (Ap)

Dei siste 17 åra har det vel knapt vore ei pressekonferanse om noko som helst tema i Vågå utan at Øygard sjølv har lagt fram saka, svart på spørsmål, eller stått bak og trekt i trådane, skriv Inger Johanne Solli.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Vågå kommune måndag kveld. 30–40 mediefolk samanstimla utanfor møterommet til Vågå Ap. Det er drevet frå rettssalen i Lillehammer som nå har nådd fram hit og pesar utafor.

Endeleg går døra opp, og innafor er det rigga til pressekonferanse! Lokale Ap-folk som Live Langøygard og Odd Erik Sveen sit der så trygge, alvorlege og rolege. Endeleg kan dei snakke fritt. Dei hjelper kvarandre gjennom det. Dei vil råde Øygard til å gå av som ordførar. Tilliten til han har vorte svekka etter at skypeloggen mellom han og jenta vart lagt fram. Dei verkar trygge, heilt ekte, heilt ærlege, og som ein pr-rådgjevar ville sagt: autentiske. Dei snakkar dialekten si. Dei strekar under at dei ikkje har latt seg diktere av nokon, dette har dei bestemt sjølve.

Hadde det vore i ei anna tid, før i tida, kunne Rune Øygard vore stolt av dei. Tenk at han har eit slikt partilag!

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ingen over, ingen ved sida

Eller, hadde han det? For saka er jo den, at dei siste 17 åra har ingen andre frå Ap hatt pressekonferansar i Vågå enn Rune Øygard. Ja, det har vel knapt vore ei pressekonferanse om noko som helst tema i kommunen utan at Øygard sjølv har lagt fram saka, svart på spørsmål, eller stått bak og trekt i trådane. Det har ikkje vore mange ved sida av, korkje i Ap eller i kommunestyret elles.

Dei siste 17 åra har ingen andre frå Ap hatt pressekonferansar i Vågå enn Rune Øygard. Det har vel knapt vore ei pressekonferanse om noko som helst tema i kommunen utan at Øygard sjølv har lagt fram saka, svart på spørsmål, eller stått bak og trekt i trådane.

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør NRK Hedmark og Oppland

Ei grundig samanlikning av Vågå med nabokommunar som Lom, Skjåk, Dovre og Lesja kjem til å vise at kommunen ikkje har toppscore på alle felt, slik som til dømes skule, eldreomsorg, nyskaping, kulturtilbod og auke i innbuartal.

Kanskje er kommunen best innafor nokre område, men Vågå har akkurat dei same utfordringane som andre fjellbygder: Fråflytting, mangel på kompetanse, forgubbing.

Alliansebyggar og marknadsfører

Kva er det da Øygard har fått til som andre ordførarar ikkje greier?

Han har greidd å gjere Vågå og seg sjølv til ei merkevare. Saman og kvar for seg. Så til dei grader at han blir nemnt i nyttårstala til statsminister Jens Stoltenberg. Rune Øygard skal ha for att han har vore føregangsmann, strateg og idèmakar. Men først og fremst ein god alliansebyggar og marknadsførar.

SE OGSÅ: Samleside om rettsaken mot Øygard

Ei splitta bygd

Men om han berre har vore ein marknadsførar, ville ikkje det vore gjennomskoda av folk i Vågå? Ville da 70 prosent stemt på han ved valet i 2007 og 54 prosent i 2011?

Men om han berre har vore ein marknadsførar, ville ikkje det vore gjennomskoda av folk i Vågå?

Inger Johanne Solli, Distriktsredaktør i NRK Hedmark og Oppland

Historisk har Vågå har vore eit klassedelt samfunn, prega av eit skilje mellom bønder og dei andre, arbeidsfolket, funksjonærane. Sjølvsagt har mange plassert seg meir i midten, men det har gjort ein stor skilnad i Vågå om du har handla på Vågå handelsforeining (altså bøndene sin butikk) eller Coop (altså Samvirkelaget, arbeidsfolket sin butikk).

Tidleg på 90-talet var bygda heilt skaka av ei konflikt om kva den gamle prestegarden skulle brukast til. Skulle presten få bu der eller skulle det blir eit kultursenter? Høyrest det ut som ein bagatell? Det var det ikkje, det prega Vågå i mange år, det skapte djupe sår.

LES OGSÅ: Hvorfor reagerte ingen på at ordføreren hadde med seg en ung jente på turer og møter?

Patriot og verdsborgar

Men så kom nærradioredaktøren frå nabobygda Skjåk, den tidlegare venstremannen Rune Øygard, og vart ordførar for Ap. Og han har på eitt vis greidd å samle bygda rundt noko felles. Det er stoltheit og tru på at Vågå er noko unikt. Ei slik tru og patriotisme er heilt naudsynt for at eit lokalsamfunn skal greie å vekse og at unge folk skal trivast der.

Øygard har på eitt vis greidd å samle bygda rundt noko felles. Det er stoltheit og tru på at Vågå er noko unikt.

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør i NRK Hedmark og Oppland

I Vågå har Øygard krydra lokalpatriotismen med vidsyn og ei særs open haldning til resten av landet og til byen.

Å få utflytta vagværer til å flytte heim att, eller byfolk til å engasjere seg i prosjekt i Vågå enten ved å vere faste gjester eller flytte dit, har vore ein del av prosjektet.

Meir eller mindre vellukka det også.

Men det har i alle fall sett vellukka ut, både innanfor Vågå og for verda rundt.

Å ta tempen på bygda

I rettssalen på Lillehammer er det dramatikk kvar dag. Det kjem stadig nye element til. Her treng ikkje media å skape noko, saka skaper seg sjølv. Vi ser at den store mannen fell for eige grep, anten han blir dømd eller ikkje. Vi ser ei ung jente som opplever altfor mykje vondt framfor auga våre. Slik som mange unge jenter har opplevd før henne. Og sjølv om Øygard har vorte oppmoda om å trekkje seg, seier han framleis at han vil vente til dommen har falt.

Som om han reknar med å bli ordførar igjen!

I byen er det større fakter og mykje jåleri og folk som seier dei vil dra til Pluto om Øygard er skuldig. Slikt seier ikkje folk i Vågå. Dei vil vere sikre før dei snakkar.

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør i NRK Hedmark og Oppland

Igjen har media reist i flokk og følgje til Vågå for å «ta tempen på Vågå-samfunnet» som det heiter. Det har sanneleg vorte vanskelegare det siste året enn det var før, da alt var så gjævt.

Nå vil nesten ingen av innbuarane seie eit ord om kva dei «tenkjer nå» og korleis dei «føler» at ting er. Vagværane har vorte svært stille. Den som er i tvil held kjeft. I byen er det større fakter og mykje jåleri og folk som seier dei vil dra til Pluto om Øygard er skuldig. Slikt seier ikkje folk i Vågå. Dei vil vere sikre før dei snakkar.

Mange bygdefolk, kommunetilsette, partivener har nok inst inne og delvis heilt ope vald å stole på Øygard, også etter at tiltala vart tatt ut. Det er baksida av bygda: Den mektige, deira eigen mann har i utgangspunktet rett. Jenta er ein framand, ho møter den kalde skuldra.

Greier seg utan han

Ingen har gjort ei meiningsmåling i Vågå, men mykje tyder på at inntil rettssaka starta var bygda delt omtrent halvt om halvt i synet på Øygard. Veldig mange støtta han framleis og ville gje han ein sjanse. Men alt første dag vart det sådd ein tvil: om alle turane til Oslo med ei lita, vever tenåring i passasjersetet eigentleg var alliansebygging?

Ein liten tvil, inntil ein skypelogg med «griseprat» mellom den store mektige mannen og den vesle jenta vart lagt fram i retten på fredag. Det gjorde utslaget i alle fall for partivenene: det var eit sjokk, eit svik. Tysdag kveld i Vågå: Etter eit tre timar langt møte er Vågå Ap sikre nok til at dei gjev den mektige mannen beskjed: Dette vil vi ikkje ha. Nå vil vi greie oss utan deg.

Ordføraren har ennå ikkje tatt oppmodinga, men Vågå Ap meiner det dei har sagt.