Hopp til innhold

Sjå video og bilete frå solformørkinga

Fekk du ikkje sett solformørkinga på grunn av dårleg vêr? Sjå video og bilete frå heile verda her.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Solformørkinga som i utgangspunktet var synleg alle stader i landet sør for Bodø, vart øydelagt av dårleg vêr mange stader i landet.

Sjå video av solformørkinga slik den såg ut frå Jerusalem:

Video Solformørkelse

Sjå korleis solformørkinga føregår:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Før soloppgang

Formørkinga starta før soloppgang her i landet, slik at sola stod svært lågt på sørausthimmelen under hendinga.

Dette forvanska utsikten til himmelfenomenet, men ga også ei svært vakker solformørking for dei som fekk sjå den.

NASA-animasjonen under viser kva for område på jorda som halvskuggen dekkar og som kunne oppleve den delvise solformørkinga tysdag 4. januar.

Merk at tida oppe til høgre viser universaltid eller Greenwich middeltid, som er ein time bak norsk vintertid.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Maks

–Tidspunktet for maksimal formørkelse er mellom klokka 9.35–9.40 frå Sør- og Midt-Noreg, og tidspunktet varierer lite med kvar du oppheld deg i desse landsdelane, seier Jan-Erik Ovaldsen til NRK.no.

Osvaldsen er forfattar av den astronomiske handboka Himmelkalenderen 2011, og han driv også nettstaden Himmelkalenderen.com.

Solformørkinga nådde sitt maksimum ca klokka 9.35 i Oslo og ca klokka 9.40 i Trondheim.

I Oslo var om lag 78% av sola dekka under solformørkinga, men himmelfenomenet var der ikkje synleg på grunn av overskya vêr.

I Trondheim stod sola opp først 9.57, men dei heldige som hadde utsikt mot himmelen i søraust fekk her sjå ei delvis formørka sol. Sjå illustrasjonen under.

Heile himmelskodet var over om lag klokka 10.57.

Solformørking 4 januar

To simuleringar av solformørkinga, den øvste sett frå Trondheim kl 10:40 (heilt mot slutten av formørkinga) og den nedste sett frå Oslo kl 9.45 (ca. ti min. etter maksimum). På grunn av overskya vêr mange stader i Sør-Noreg, og at sola stod så lågt i horisonten, var det få som fekk sjå noko som likna på dette.

Foto: Jan-Erik Ovaldsen/Stellarium


Bruk briller!


Hugs at du aldri må sjå direkte mot sola, men at du må nytte spesielle solformørkingbriller for å unngå å skade auga.

Solformørkingsbriller kan du få kjøpt på nokre kioskar og bensinstasjonar.


Nordlendingane får ny sjanse juni

Sjølv om folk i Nord-Noreg ikkje fekk med seg solformørkinga denne gongen, treng dei ikkje vere lei seg.

I juni kjem ei ny delvis solformørking som berre nordlendingane får sjå, då formørkinga skjer så seint på kvelden at det berre er dei som har sol.

Meteorsverm


Natt til tysdag kunne vi også oppleve meteorsvermen Kvadrantidene.

Dette kunne ein observere som stjerneskot på himmelen, som skuldast at støv og sandkorn frå meteorsvermen brann opp i møtet med jordas atmosfære.

Meteorsvermen hadde ein topp ein gong mellom kl 02 og morgongry.