Over fleire dagar har det bygd seg opp ei gigantisk slangeforma sky på sola. Natt til tysdag eksploderte den og vart slyngt ut i verdsrommet.
Den synlege delen av gasskya var meir enn 700 000 kilometer lang, noko som tilsvarer 55 jordklodar lagde etter kvarandre, og heile radien til sola.
- Les også:
- Les også:
–Gassen i denne skya heldt omkring 80-100 000 grader, og det er relativt kjølig, fortel professor Viggo Hansteen ved Institutt for Teoretisk Astrofysikk ved Universitetet i Oslo.
–Gass på den ytre del av soloverflata kan gjerne halde ein million grader, seier Hansteen.
Kjølig gass vil normalt dette ned på soloverflata, men magnetfeltet er sterkt nok til å motverke dette, og halde skya oppe.
Dette er likevel berre ein midlertidig effekt.
Utbrot
Biletet viser den slangeforma gasskya på sitt største, 700 000 kilometer lang.
Foto: NASA/SDOHer losnar den enorme gasskya og blir slyngt ut i verdsrommet.
Foto: NASA/SDOMagnetfelt har vanskeleg for å halde seg stabile, dei har ein tendens til å ville rette seg ut, seier Hansteen. Viss vi får nye felt som beveger seg, kan balansen bli forstyrra, og så blir gassen slyngt ut.
Nettopp dette var det vi fekk demonstrert natt til i dag. NASAs Solar Dynamics Observatory følgde utviklinga av gasskya kontinuerleg, og meldte i går, 6.desember, at skya viste teikn til ustabilitet.
- Les også:
Natt til tysdag losna skya og vart slengt bort frå sola i eit utbrot med ”episke proporsjonar” i følgje nettsida Spaceweather.com.
Gasseksplosjonar av denne typen skjer rett som det er på sola, men det er relativt sjeldan dei er så store som dette, seier Hansteen.
Nordlysvarsel
–Dette er ein vakker eksplosjon, som demonstrerer kor flotte slike hendingar kan vere, seier Pål Brekke ved Norsk romsenter.
Gasskya har ikkje retning mot oss, og vil difor ikkje gi store effektar på til dømes radiosamband eller straumfelt på jorda, seier Brekke. Vi vil heller ikkje sjå særleg større nordlysaktivitet.
Nordlys over Oslo i april 2010.
Foto: Pål BrekkeDet kan likevel vere lurt å følgje med på nordlysvarsel framover.
–Vi er no inne i ein periode med auka solaktivitet, noko som gjer at vi kan sjå nordlys også langt sør i Noreg, seier Pål Brekke ved Norsk Romsenter.
Brekke minner om det har vore mogleg å sjå nordlys så langt sør som i Oslo heile tre gongar berre i haust. Også i vår var det fleire epiosodar med nordlys i Oslo.
Brekke anbefaler folk å følgje med på nordlysvarsla til Storm.no, spaceweather.com eller mobilapplikasjonen Solar Monitor for å finne ut om det blir auka nordlysaktivitet der du bur.