Hopp til innhold

Visepresidenten ber hæren styrte Salva Kiir

Tidlegare visepresident i Sør-Sudan, Riek Machar, seier at han har bedt hæren i landet om å styrte president Salva Kiir. Landet har dei siste dagane vore prega av ein blodig maktkamp.

Salva Kiir og Riek Machar

Salva Kiir (til venstre) og Riek Machar har starta ein maktkamp i Sør-Sudan etter at Machar i juli fekk sparken som visepresident i landet. No har Machar bedt hæren i landet om å styrte presidenten. Mange fryktar at spliden innan regjeringspartiet SPLM kan få etniske dimensjonar.

Riek Machar er tidlegare visepresident i Salva Kiir si sørsudanske regjering, men fekk sparken i juli, saman med heile regjeringa i landet. I ettertid har det vore særs stor politisk uro i landet, og på søndag eksploderte det heile. Den siste veka er mange hundre menneske drepne og mange titusenvis er drivne på flukt.

– Berre villig til å diskutere Kiirs avgang

I går sa Salva Kiir at han var villig til å sette seg ned i samtalar med tidlegare visepresident Riek Machar, men at han ikkje kunne love at det kunne kome noko ut av slike samtalar.

Men i dag kjem svaret frå Machar, som seier at han berre er villig til å diskutere Salva Kiir sin avgang, og ikkje noko anna. Det seier han til den franske radiokanalen RFI.

Ifølge same nyheitsbyrå skal også Riek Machar ha bedt hæren om å kaste president Kiir.

– Eg har bedt SPLM (regjeringspartiet i Sør-Sudan som både Kiir og Machar har vore ein del av) og SPLA (den militære delen av regjeringspartiet) om å fjerne Salva Kiir frå makta i landet, sa han til RFI.

Riek Machar er eit av fem medlem av SPLM som er etterlyst for forsøk på statskupp. Ti andre er allereie arresterte. Dei arresterte og etterlyste var for kort tid sidan særs sentrale personar i regjeringspartiet.

SSUDAN-UNREST-UNMISS

Fleire titusen sørsudanarar har no flykta frå uroa som herjar landet. Mange søker tilflukt i FN-leire.

Foto: Rolla Hinedi / Afp

Maktkamp innanfor partiet

Begge dei to politikarane høyrer altså begge til regjeringspartiet i Sør-Sudan, som også er den same organisasjonen som kjempa om sjølvstende frå Sudan. Då landet vart sjølvstendig i 2011 var det naturleg at Salva Kiir vart landets president og han vann valet med 97 prosent av stemmene.

Både Machar og Kiir var sentral ei kampen mot nord, og etter at den tidlegare leiaren John Garang døydde i ei helikopterulukke i 2005 segla Salva Kiir opp som presidentkandidaten. Machar, som tidlegare hadde brote ut av SPLM, for så å kome tilbake att før Sør-Sudan vart sjølvstendige, vart visepresident.

Men Riek Machar har i ettertid lansert seg sjølv som presidentkandidat til valet i 2015, og det er dette som skal vere bakgrunnen for at han fekk sparken i juli i år.

Då dei ulike fraksjonane i partiet møttest til samtalar i form av eit partimøte på i helga, så enda det heile med skyting søndag kveld, med etterfølgande valdshandlingar dei neste dagane.

Fryktar etniske skiljelinjer

Det er førebels ukjent kven som stod bak skytinga, men Salva Kiir kalla det heile eit forsøk på statskupp, og utanriksministeren i landet sa at det var menn som samarbeida med Riek Machar som stod bak skytinga.

Det har den siste veka vore stor frykt for at konflikten i Sør-Sudan vil utarte seg og få etniske dimensjonar. Kiir høyrer til dinka-folket, medan Machar høyrer til nuer-folket, og det siste døgnet er det frå mange kjelder kome teikn på at det no held på å vekse fram etniske skiljelinjer i konflikten.

I dag skriv Human Rights Watch på sine nettsider at sørsudanske soldatar har skutt rundt seg i tett busette område, og at dei skilte ut kven dei ville ta på bakgrunn av etnisitet. Det var særskild personar som tilhøyrar nuer-folket, Machar sitt folk, som soldatane skal ha vore ute etter.

– Soldatar i Juba har ved fleire høve spurt folk om deira etnisitet og deretter drepe dei eller sluppe dei lause, skriv organisasjonen.

I tillegg til konflikt mellom dei ulike folkegruppene skal det også vere konflikt innanfor dei ulike folkegruppene. Med andre ord er demografien i Sør-Sudan særs komplisert og konfliktfylt.

FN, ved spesialutsending Hilde Frafjord Johnson, Noregs utanriksminister Børge Brende og fleire andre personar i den internasjonale politikken og bistandsbransjen har oppmoda partane, og særskild president Kiir, til å oppmode til samtalar snarast mogleg, for å få ein stopp på konflikten.

Tidlegare i dag vart det kjent at ministrar frå Kenya, Etiopia, Uganda og Djibouti er på veg til Sør-Sudan for å prøve å løyse konflikten i landet.