Soldatar og tanksar har vore til stades i Jubas gater det siste døgnet.
Foto: STRINGER / ReutersSalva Kiir var kledd i militæruniform då han i går talte til folket i Sør-Sudan om den politiske situasjonen i landet. Han forsikra om at han var framleis var landets leiar.
Foto: - / AfpDet smalt plutseleg natt til i går, då ulike fraksjonar i den sørsudanske hæren barka saman i ein militærleir i hovudstaden Juba. Soldatar som sympatisørar med president Salva Kiir vart angripne av andre soldatar som sympatiserer med det som etter kvart har vakse fram til å bli opposisjonen i landet.
For i juli sparka Salva Kiir heile si eiga regjering, og ein av dei som fekk sparken var Riek Machar, som var visepresident. Machar skal ha mista jobben fordi han sjølv har planar om å stille som presidentkandidat i 2015, og no kan han på mange måtar kallast opposisjonsleiar i landet.
Massearrestasjonar
No har styresmaktene i Sør-Sudan arrestert ti personar, deriblant tidlegare finansminister, Kosti Manibe. Dei er også på jakt etter ytterlegare fem personar, deriblant nemnde eks-visepresident Riek Machar, som altså er skulda for å samarbeide med soldatane som no gjer opprør.
– Angrepa som skjedde i nærleiken av SPLA (regjeringspartiet) sitt hovudkvarter skal ha blitt utført av ei gruppe soldatar som er allierte med den tidlegare visepresidenten Riek Machar og hans medarbeidarar. Men eg kan informere om at regjeringa framleis har full kontroll over tryggleiken i Juba, sa president Kiir i går.
Utanriksministeren, Barnaba Marial Benjamin, gjekk hakket lengre og sa at misnøgde soldatar og politikarar prøvde å kaste regjeringa.
I dag vart Machar sin heim raida av presidentens eigen hær. Machar var ikkje til stades, men livvaktene hans haldt vakt ved tomta. Uroa skal også ha spreia seg til delstaten Jonglei, kor tre personar vart drepne i byen Bor, skriv nettavisa Sudan Tribune.
FN fryktar etniske skiljelinjer
I natt haldt altså kampane i hovudstaden Juba fram, og til no er 66 soldatar drepne i kampane, ifølge ein lege i Juba. Ambassadar har bedt alle sine landsmenn om å halde seg innandørs, USA har sendt heim mange av sine diplomatar, og i går gav president Salva Kiir ordre om portforbod på nattetid.
– Det er viktig at den pågåande valden ikkje går over i etniske dimensjonar, seier FN si spesialutsending til Sør-Sudan, Hilde Frafjord Johnson.
Foto: SETH WENIG / REUTERS/SCANPIXI tillegg har meir enn 13.000 sivile flykta i frykt for å miste livet, opplyser FN. Dei fryktar no for kva som kan skje i den unge staten dei neste dagane og vekene. Særskild meldingane om at dei ulike grupperingane innan hæren kan sjå ut til å høyre til ulike folkegrupper vekker uro.
– Det er viktig at den pågåande valden ikkje går over i etniske dimensjonar, seier FN si spesialutsending til landet Hilde Frafjord Johnson til AFP i dag.
Til NRK sa Frafjord Johnson i går at ho hadde vore i kontakt med alle nøkkelspelarar, og bedt om at dei held kontroll og roar ned så mykje som mogleg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg håper ikkje dette får betydelege følge. Det som no er aller viktigast er at leiarskapet i dette aller nyaste landet i verda viser at dei set stabilitet og fred i landet først, og at dette også gjeld alle andre politiske aktørar. Og om dei gjer det, så vil dei finne ei løysing som alle kan slutte seg til, sa Johnson til NRK.
– Sårbar stat
Det er fleire hjelpeorganisasjonar til stades i det afrikanske landet, og ein av dei største er Norsk Folkehjelp, som har meir enn 25 års erfaring i landet.
– Det er vanskeleg å få oversikt over situasjonen i Juba akkurat no. Dei siste døgna har me stadig høyrt skotsalver og eksplosjonar, og me er sjølvsagt veldig uroa for våre kollegaer og sivile, seier folkehjelpa sin landdirektør, Jan Ledang, som førebels ikkje kjenner til at nokre av Folkehjelpa sine tilsette er skadde.
Om ikkje situasjonen raskt blir brakt under kontroll, så kan dette eskalere, åtvarar generalsekretær i Norsk Folkehjelp Liv Tørres.
Foto: Marit Kolberg / NRK– Det er særs urovekkande det som skjer no. Sør-Sudan er ein sårbar stat, og om ikkje situasjonen raskt blir brakt under kontroll og dei ulike partane snakkar saman, så kan dette eskalere, åtvarar generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Liv Tørres.
I likskap med Johnson fryktar også Tørres at konflikten kan utvikle seg til å bli ei konflikt med etniske skiljelinjer.
– Dei leiarane i Juba som har moglegheita til å roe ned dette må gjere så umiddelbart, og det internasjonale samfunnet må også krevje dette, avsluttar Tørres.
Også Brende er uroleg
– Kamphandlingane dei siste dagane i Sør-Sudan er særs urovekkande. Me oppmodar alle partar til å avstå frå bruk av vald, samt å bidra til å finne ei politisk løysing på konflikten, seier utanriksminister Børge Brende.
Noreg har sidan opprettinga av staten vore ein viktig støttespelar til bygginga av Sør-Sudan. Noreg har også ein ambassade i Juba.
– President Salva Kiir må, som øvste leiar for hæren, gi alle styrkar klar instruks om å avstå frå bruk av våpen, og å sette tryggleiken for folket i landet fremst, avsluttar utanriksministeren.