Hopp til innhold

Hovudmannen bak terrorangrepa er død

Abdelhamid Abaaoud, som er mistenkt for å stå bak terrorangrepa i Paris, vart drepen i politiaksjonen i Saint-Denis i går, stadfestar den statsadvokaten i Paris.

FRANCE-SHOOTING/ORGANISER An undated photograph of a man described as Abdelhamid Abaaoud that was published in the Islamic State's online magazine Dabiq and posted on a social media website

STADFESTA OMKOMEN: Eit bilete av Abaaoud lansert i IS' sitt nettmagasin Dabiq.

Foto: HANDOUT / Reuters

– Det dreiar seg om eit lik som vart funne inne i leilegheita, gjennomhola av prosjektil, presiserer statsadvokaten, François Molins, i ein uttale torsdag.

Molins fortalde om aksjonen i ein pressekonferanse onsdag kveld, og understreka at den var svært krevjande. Fleire enn 5000 skot vart fyrte av, sa han.

Det er usikkert om Abaaoud sprengde seg sjølv eller om han vart skoten av politiet, ifølge den franske TV-kanalen BFM.

Framleis minst ein på frifot

Abaaoud har vorte knytt til fleire forsøkte terrorangrep tidlegare og skal ha kjempa med IS i Syria. Terroreksperten Mathieu Guidère seier til BFM at Abaaouds død betyr at risikoen for fleire angrep på Frankrike er blitt mindre.

– Dette er ein stor lette for alle som jobbar med desse sakene, seier han.

France Paris Attacks

LETTA: Statsminister Manuel Valls lovprisa politiet for innsatsen etter det torsdag vart stadfesta at Abdelhamid Abaaoud er død, men understreka framleis at trusselen ikkje er borte.

Foto: Michel Euler / Ap

Likevel åtvarar statsminister Valls mot å undervurdere trusselen, og understreka i ein tale til det franske parlamentet onsdag at det er godt mogleg at Abaaoud ikkje er den einaste «hjernen bak» angrepet.

Ein av terroristane, Salah Abdeslam, er også framleis på frifot. Franske styresmakter er no på tå hev, og rett etter Valls hadde tala godkjente parlamentet tre månaders unntakstilstand som president Hollande bad om i helga.

110 politimenn aksjonerte onsdag

Abaaoud var hovudmålet bak aksjonen mot ein bygning i forstaden til Paris, som varte i sju timar onsdag morgon, og førte til arrestasjonen av sju personar som skal vere mistenkte for å vere involvert i terrorangrepet.

To, mogleg tre, personar døydde i løpet av aksjonen. Ein av dei skal vere ei kvinne som utløyste eit sjølvmordsbelte, og no kjem det altså fram at den andre stadfesta omkomne skal vere Abaaoud. Kvinna skal ifølge tre politimenn vere kusina til Abaaoud, men dette er ikkje stadfesta.

FRANCE-ATTACKS

AVSPERRA: Innbyggarane i Paris-forstaden Saint-Denis var vekt tidleg onsdag av ein brutal politiaksjon. I dag er området atskilleg rolegare, men politiet arbeider framleis med etterforsking på staden.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Politiet gjekk til åtak på ein bygning i Saint Denis etter at etterretning hadde peika mot at den belgiske islamisten skulle vere der, og ikkje i Syria som ein tidlegare hadde trudd. Eit vitne skal ha sett han i Frankrike og aktivitet på telefon og bruk av bank stadfesta dette. Innanriksminister Bernard Cazeneuve stadfesta under ein pressekonferanse torsdag at franske myndigheiter ikkje hadde fått informasjon om at Abaaoud skulle vere i Europa i forkant av angrepa.

Bygningen skal vere ein av tre tilhaldsstader i Frankrike knytt til terroristane, mange av dei belgiske statsborgarar. Også tre bilar med belgiske skilt er knytte til angrepa, og bilane skal ha blitt observerte køyrande frå Belgia til Paris fredag før angrepa tok til.

SISTE NYTT

Siste nytt