Den somaliske 22-åringen opererte som imam på eit asylmottak i den søritalienske byen Campobasso. Han kom til Italia som asylsøkjar, og han har brukt tida på asylmottaket til å prøve å få andre med seg på heilag krig.
Politiet har overvaka mannen i to månader, og i går slo dei til og arresterte han fordi dei frykta at han ville reise til
.– Sterk i trua
Aktor Armando D'Alterio seier til det italienske nyheitsbyrået ANSA at 22-åringen er svært sterk i trua på at det han står for er det rette. Han er glødande islamist og oppteken av heilag krig, og politiet har teke beslag i store mengder propaganda for terror. Han har hylla Al Qaida, IS og terroraksjonane i Paris.
D'Alerio er sikker på at straks ordren om å gjennomføre eit angrep hadde kome, så ville 22-åringen gjere det han vart beden om.
– Dette er ikkje ein mann som er ute av kontroll. Han har venta på ordren, det er det einaste han har venta på, seier Armando D'Alterio.
Politiet har sikra seg opptak der den somaliske mannen hyllar terroraksjonane i Paris, og der han seier at det einaste rette er å aksjonere sjølv. Han snakkar om å starte på den viktigaste jernbanestasjonen i Roma, Termini.
– Charlie Hebdo var starten
Forsvararen til 22-åringen, Antonio Di Renzo, seier at klienten hans ikkje forstår kvifor han er arresterte, fordi han ikkje har gjort noko gale. Han fortel at han har brukt mykje av tida saman med klienten til å forklare han korleis den italienske straffelova verkar.
Ifølgje politidokumenta har han blant anna sagt følgjande:
– La oss starte med Italia, la oss reise til Roma og starte med stasjonen. Krigen held fram. Charlie Hebdo var berre starten på det som skjer. Der er ein enklare veg. Å utstyre seg og sprengje seg sjølv i lufta.