Hopp til innhold

Venstre vil at alle nye fritidsbåtar skal vere elektriske innan 2030

Sintef meiner forslaget har lite å seie for klimaet.

Elbåtar til leige i Oslofjorden.

ELBÅTAR: På Oslofjorden kan ein no leige seg ein elektrisk elbåt, som du ser på biletet her.

Foto: SIRI VÅLBERG SAUGSTAD / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi må slutte med fossile drivstoff, i alt frå motorsaga til cruiseskipa, og der i mellom er også fritidsbåtane, seier Ola Elvestuen.

NRK møtte stortingsrepresentanten frå Venstre på ei bryggje med elbåtar i Oslo sentrum.

Han var der saman med Birgit Marie Liodden, som leiar Norsk Elbåtforening.

Ola Elvestuen og Birgit Marie Liodden.

VIL KUTTE FOSSILBÅTAR: Ola Elvestuen meiner teknologien er god nok til at alle nye fritidsbåtar skal vere elektriske om ti år.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Ifølgje ho er lademoglegheitene og teknologien i elektriske båtmotorar gode nok. Men prisen på elbåt er høgare.

Elbåtforeningen vil derfor at Stortinget skal gjere det billegare. Med dei same verkemidla som dei har brukt for elbil.

– Det kan gå på moms og avgifter, prisar på ulike faste kostnadar og hamneavgifter, seier Liodden.

Hjelper ikkje

– Utslepp frå fritidsbåtar er eit lite problemområde i den store klimagassamanhengen. Det seier Anders Valland om forslaget til Venstre.

Han er forskingsleiar i Sintef Ocean. Dei anbefaler heller å kutte i utsleppa frå andre som ferdast på sjøen. For eksempel skipsfart, som står for betydeleg større utslepp av klimagassar.

– Dei fleste som tar ein rundvask startar ikkje med å polere bordet, vi startar ikkje med finvasken, den tar vi heilt til slutt, seier Valland.

Anders Valland, forsker Sintef Ocean.

SKEPTISK: Anders Valland har ikkje trua på forslaget frå Venstre.

Foto: Arne Kristian Gansmo

Meiner alle monnar dreg

Ola Elvestuen ønskjer også å bruke avgiftssystemet til å få fart på elektrifiseringa av småbåtflåten. Dette vil gjere det enklare å ta miljøvennlege val, meiner politikaren.

– Vi må fjerne momsen på elmotorar også for fritidsbåtar, og så må vi auke avgiftene på dei fossile båtane, seier han.

Sintef -forskaren meiner elektriske fritidsbåtar er feil ende å begynne i.

– Kan ikkje Noreg gå føre her og vise resten av verda sjøvegen?

– Jo, ein kan få teknologiutvikling på dette, men viss ein ønskjer å gjere det med tanke på klimagassutslepp, vil det framleis – sjølv om ein elektrifiserer heile verdas fritidsbåtflåte – faktisk ikkje bety noko som helst, avsluttar Valland.