– På førsterunden fekk eg vinden rett imot og stod heilt stille, seier Marte Olsbu. – Og litt seinare heldt eg på å blåse rett ut av løypa.
Olsbu opna friskt og var blant dei raskaste på den første kilometeren. 800 meter seinare hadde ho tapt over eit halvt minutt.
– Inn på liggande skyting bles det så sterkt at eg skrudde fem knepp til venstre og to opp. Men eg anar ikkje kvar skota gjekk, seier ho. Tre bom vart det der.
– Alle tre sat til venstre. Du skrudde for mykje, kunne NRKs ekspert Ola Lunde fortelje.
Frykta avlysning
Under første del av sprinten var vinde så sterk at reklameskilt og standplassmatter løfta seg og trua med å blåse ort. NRKs kommentatorboks rista også sterkt i kasta.
– Her kan det fort bli avlysning, meinte Ola Lunde.
For Hilde Fenne var det ikkje vinden som øydela. Ho opna med fullt hus på første skyting og låg like bak dei beste. Men ståande skyting gav fire bom.
– Den gode kensla er ikkje langt vekke. Men eg stilte meg heilt feil opp på ståande, og då gjekk det som det gjorde. Eg kan ikkje skulde på vinden, seier Fenne.
Med sine fire bom og ei tid som var 2.27 bak vinnaren vart ho nummer 54 og best av dei norske.
Fire løparar – 17 bom
Artikkelen held fram under videoen.
4-5-3-5. Det er strafferundane dei norske pådrog seg – 17 bom totalt. Marte Olsbu enda på 61.-plass, Kaia Nicolaisen vart nummer 69 og Synnøve Solemdal 76.
Vinden øydela for alle dei tidleg startande, medan dei som starta seinare hadde ein fordel då det var litt lenger tid melom dei kraftigaste vindkasta. Forholda i sporet kom seg også etter kvart.
Vinnaren Olena Pidrusjna starta bak sine hardaste konkurentar, og knuste Krystyna Guzik med 23 sekund frå siste skyting og inn. Ho vann med 7,5 sekund. Begge dei skaut feilfritt. Dorothea Wierer bomma på sitt aller siste skot og tok tredjeplassen, 12,4 bak.
Polske Monika Hojnisz og latviske Baiba Bendika drog nytte av dei betre forholda på slutten, men klarte ikkje heilt å kome på pallen. Dei enda på fjerde- og femteplass.