- Det har ikkje vore noko kjekt å sitte og sjå på lagkameratane mine spele når eg har vore skada. Det er fantastisk godt å vere tilbake, seier Kjelling som i kveld møter regjerande cupmeister Nordsjælland i seriestarten.
I februar måtte venstrebacken av banen etter ein kollisjon med giganten Alexei Rastvortsev under meisterligamøtet med russiske Medvedi.
Kjelling, som reiv av leddbåndet på innsida av knéet, risikerte å stå utanfor laget i
.- Det gjør vondt, veldig, veldig vondt, sa Kjelling til NRK.no den gongen.
- Han viser verdsklasse
Over eit halvt år etter er Aalborg-profilen tilbake i storform.
I førre veke viste han tydeleg noko nær verdsklasse med 11 scoringar på 12 forsøk i andre omgang mot GOG i den danske cupen, skriv avisa nordjyske.dk.
- Eg trur ikkje eg har sett noko liknande, sa Jan Larsen, direktør i Aalborg Håndbold
etter Kjellings oppvisning.- Kjelling sette ballen i nettet 11 gonger på 12 fosøk etter pause, og til saman scora han 13 mål. Ingen av dei 11 måla etter pausen var på straffekast.
Det var rene spillermål. Ren verdsklasse, skrytte Larsen.
Vil ikkje gå halvskada til meisterskap igjen
Den norske handballstjerna stod med scoringane for ein sjeldan snuoperasjon. På det meste leia GOG 17-12 tidleg i andre omgang. Det heile enda 29-28 til Aalborg, mykje takka vere 13-målsscorar Kjelling.
- Er du einig i at du no viser verdsklasse?
- Eg er i alle fall i like god form som før eg blei skada, seier han.
I tillegg til å kjempe for seriemeisterskap til Aalborg saman med landsmann Ole Erevik, ønsker han no å tre inn i Robert Hedins rekker på landslaget.
- Heilt klart. Det er målet. Eg er klar for å spele for landslaget igjen, seier Kjelling.
Men etter å ha vore tungt skadeplaga fleire gonger i løpet av karriera er det slutt på å ta store risikovurderingar
.- Eg vil ikkje reise halvskada til eit meisterskap, slik eg har gjort framfor dei to siste, seier han.
Ventar kommentarar om Norges fotballnedtur
Ein spelesugen Kjelling trur det blir tøft å møte cupmeister Nordsjælland i serien onsdag kveld, men har god tru på siger.
Om laget triumferer finst det i alle fall ein nordmann som kan juble i Danmark, bare døgnet etter at Norges fotballandslag blei nedsabla i Parken.
Kjelling trur ikkje han vil komme unna den norske fotballnedturen når han møter lagkameratane før kampen.
- Det er heilt greit å vere norsk i Danmark i dag, så lenge ein ikkje interesserer seg for fotball. Men eg har sett avisforsidene. Eg får nok høyre det på trening, seier Kjelling til NRK.no.